søndag 1. januar 2017

Verda del 1

Hovudkjelde: Operation World 2010.
I 2015 var det 7,3 milliardar menneske i verda. Den årlege veksten er på 1,1%. Verdas befolkning har fordobla seg frå 1970 til 2010, og det er i dag nesten 500 byar med over 1 million menneske. Over 50% av alle menneske bur i byar. Joshua Project opererer med 16350 etnolingvistiske grupper, World Christian Database med 13674 grupper. Mange av desse gruppene er transnasjonale, og er dermed telt fleire gonger. Etnologane reknar med at det er 6909 språk i verda. Det verserer høgare tal også, men det kjem av at nokre reknar mange dialektar som eigne språk. Det største språket, i meininga morsmål eller førstespråk er hankinesisk, så kjem spansk, engelsk, arabisk, hindi, bengalsk, portugisisk, russisk, japansk og tysk.
Men når det gjeld administrasjonsspråk, er engelsk størst, så kjem hankinesisk, hindi og for å nemna dei fire største. 
Den nyaste statistikken (2016) for bibeloversettingar ser slik ut (kjelde: www.wycliffe.no):
I 2010 var summen av språk som hadde Bibelen eller deler av han tilgjengeleg 2582. I 2015 var talet 2932. I 2016 altså 3224. Me ser altså at bibeloversetting akselererer sterkt. Berre frå 2015 til 2016 vart det sett i gong oversetting i nesten 300 språk. No gjenstår mellom 17 og 1800 språk der ekspertane meiner at bibeloversetting er strengt naudsynt.
  •  Be om at Bibelen skal bli tilgjengeleg for alle menneske på morsmålet.
Verdas økonomi er sterkt influert av globalisering, digitalisering, teknologiutvikling, nye økonomiar, gjeldsproblematikk, auka gap mellom fattige og rike, lokalt og internasjonalt, hyppige finans og valutakriser, auka konsum i folkerike land, klimaendringar, regionale krigar, energiproblematikk, menneskehandel, svarte marknadar, korrupsjon, narkotikahandel, nykolonialisme, folketalsnedgang og eldrebølger i vesten. Synda set djupe spor i økonomi og folkeliv.

  • Be om at det skal utvikla seg rettferd i verdsøkonomien, og at dei store mørke og syndige marknadane skal bli kvelt.
I politikken ser me at islamisme veks fram i store deler av Afrika og Asia med forgreiningar til Europa og USA, og med politisk islam kjem terrorisme, krig og naud, som igjen skaper millionvis av flyktningar som pressar på. Ein annan trend er framvekst av nasjonalisme og rasisme, og ofte kopla med religion. I Vesten ser me tendensar til at nye nasjonalistiske  høgreparti får politisk makt, parti som har ein protektsjonistisk handelspolitikk og restriktiv asyl og flyktningepolitikk. Storbritannia melde seg såleis ut av EU i 2016. Elles er mange land i Afrika i rivande utvikling, og kinesiske interesser er tungt inne i mange av desse landa og kjøper opp jord og byggjer ny infrastruktur. I framtida vil matjord stå fram som den heilt store økonomiske ressursen. Det har kinesarane forstått betre enn dei fleste.
  • Be om fred mellom nasjonane, og om ny respekt for menneske sin evige verdi uavhengig av nasjonalitet, alder, hudfarge, kjønn osv

Når det gjeld religion er det to ulike tendensar: På den eine sida sekularisering, liberalisering og pluralisering i vestlege land, og på den andre sida utvikling av religiøs fundamentalisme i muslimske, hinduistiske, buddhistiske og buddhistiske land og ideologiske restriksjonar i kommunistiske land. Begge deler fører til forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar, og forfølginga tiltek i styrke, kreativitet, omfang og intensitet

Enno er kristendomen verdas største religion når det gjeld tilhengarar, men islam veks snøggast, noko som i stor grad handlar om folketalsvekst i muslimske land.
  • Be om at kristne som opplever forfølging står faste i trua på Jesus og på Guds gode ord.


Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...