tirsdag 24. mai 2016

Frankrike


Folketal: vel 64 000 000
Hovudstad: Paris
Styreform. Republikk med president som vert vald for seks år. Presidenten har vide fullmakter. Parlament med sterk høgre-venstre polarisering. Makta er sterkt sentralisert, men det føregår ein desentraliseringsprosess.
Landet har ein langt og rik historie, både politisk, religiøst og kulturelt. 
Dette er landet til store kyrkjefedrer som Iræneus, som var biskop i Lyon, og Martin av Tour. Frankrike er elles eit produkt av Karl den store som på 800-talet samla den tids Gallia og Tyskland til eitt stort europeisk rike.

I Lyon oppstod på 1200-talet den valdensiske vekkjingsrørsla (som var ein forlaupar for reformasjonen).
Avignon var i det 14. hundreåret  pavens residens, og etter reformasjonen var hugenottane, støtta av Henrik IV,  ei mektig vekkjingsrørsle og ein politisk maktfaktor i landet. Men denne vart knust i eit fælsleg blodbad i Paris 24. august 1572 (Bartolomeusnatta). Det såg lenge ikkje ut til at den evangeliske  rørsla i landet skulle  koma seg skikkeleg etter dette forferdelege brotsverket.  Men dei siste åra har me sett ei endring. Frå 1960 til 2010 auka talet på evangeliske kristne frå 180 000 til 600 000. I dag møtest dei i 2500 + større eller mindre fellesskap, og dei multipliserer seg stadig. 

På 1600-talet flykta mange (250 000) hugenottar til Tyskland, Sveits og Amerika. I og med at dette var gode, flittige og flinke borgarar, vart dei til store velsigning for desse statane.

På 1600-talet gjorde kardianlkanslaren Richelieux Frankrike til ein moderne industrinasjon og bygde ut infrastrukturen, 

I andre halvdel av 1600-talet ville Ludvig XIV gjera både seg sjølv og Frankrike stort. Det første lukkast. Det andre gjorde Napoleon då han kom og fylte makttomrommet etter at kongemakta og kyrkjemakta vart knust under revolusjonen frå 1789-1795. Napoleon vart Europas svepe. Øydelegging følgde i fotspora hans over alt. Men det er ikkje heile bilete. I opplysningstida si ånd sette han også opp vitskaplege standardar som er gjeldande i heile verda den dag i dag. 

Elles er Frankrike opplysningsfilosofien, rasjonalismen og ateismens heimland. Descarte er den som starta dette ballet, forfattarane Voltaire og Diderot var sentrale personar som harsellerte med kyrkja, trua, overtrua og preseskapet. Dei reiv Frankrike laus frå Bibelen, kan me seia. 

Frå 1700-talet og fram til slutten på 2.verdskrigen var Frankrike ei sterk kolonimakt med mange koloniar i Afrika og Karibia: Senegal, Kamerun, Fransk Kongo, Angola, Mosambique, Algerie, Fransk Guiana, Fransk Guinea, Martineque og Den dominikanske republikk for å nemna nokon. Befolkningssamansetninga er i dag prega av denne fortida. Det er store minoritetar i det franske samfunnet som det har vore vanskeleg å integrera i det franske samfunnet, særleg gjeld dette muslimar som opprinneleg kjem frå Nord-Afrika. Dei lever i eigne fattige områder, har vanskar med å få seg jobb, og stadig bryt det ut opprør mot politi og styresmakter i områda der dei bur. 
I dette klimaet har det vakse fram ei sterk høgreradikal rørsle som har materialisert seg i partiet Nasjonal Front (NF) med Marine le Pen som leiar. Det var faren Jean-Mari le Pen som grunnla partiet, og dei har i dag betydeleg makt i mange fylker. 
Det siste året har Paris vore utsett for to forferdande terroraksjonar frå islamistar som har kjempa for ISIL  i Syria og Irak, og som held fram kampen mot vestleg kultur i heimlandet. 

Omlag 70% av befolkninga er etniske franskmenn, 10% nordafrikanarar, 4% karibiarar, 2% asiatar.
Det blir snakka 62 språk i Frankrike. Av desse føreligg heile Bibelen på 10, 3 har NT, 11 språk har deler av Bibelen og det føregår oversettingsarbeid i to andre språk. 

Frankrike er eit intellektuelt utdanningssamfunn, og alfabetiseringsgraden er 99%.

Frankrike har verdas sjette største økonomi. Saman med Tyskland og England er landet eitt av dei tre mest sentrale landa i EU. Det har stor innflytelse over alt som skjer i Europa. Men revolusjonsånda lever, og stadig går illsinte franskmenn ut i gatene for å fremja interessene sine, og det kan gå ganske voldsamt for seg. 

  • Det er grunn til å takka Gud som vekkjinga som i dag langsamt, men sikkert veks fram i Frankrike, og be om at Gud må verna godt om dei nye kyrkjelydane som blir planta, og gjera dei til senter for frelse, attreising og lækjedom, til fellesskap som set premissane for ei ny framtid for Frankrike, kraftfulle fyrtårn som også verkar forvandlande på dei muslimske miljøa. 
  • Be også om revitalisering av den katolske kyrkja i landet. 
  • Be om at dei store slaga som vart påført folket i 2015 og 2016 må venda hjarto deira mot himmelens Gud med bøn om hans hjelp mot vondskapen som ligg og lurer over alt og som kan slå til når som helst. 
  • Be om at dei akademiske miljøa er viljuge til å ta oppgjer med historisk intellektuelt hovmot og arroganse retta mot Gud og hans gode og livgjevande ord.
  • Be om at islamismen skal tapa krafta si i landet, at muslimske ungdomar skal bli kjent med Jesus og integrerte i det franske samfunnet på ein god måte. 
  • Be om at Gud i Jesu namn skal stoppa framveksten av høgreekstreme og nazistiske rørsler i landet.
  • Det åndelege vakuumet etter opplysningstida har ført til at franskmennene i stor grad har vendt seg til okkulte krefter for å stetta den åndelege tørsten sin. Be om at dei må løyst frå djevelens lenker og gjennom Jesus gjenforent med Far i himmelen. 
  • Evangelisk kristne møter vanskar i samfunnet. Dei vert sett på som produkt av amerikansk høgrepolitikk, og ikkje som ei innfødd rørsle fødd av Gud i Frankrike for franskmenn. Be om at folk flest må oppdaga at det siste er tilfelle. 
  • Be om einskap mellom dei evangeliske. Det har vore vanskar mellom minoritetskyrkjer og kyrkjer av etniske franskmenn. 
  • Den protestantiske føderasjon har visjon om å planta 4200 nye kyrkjelydar dei neste åra. Be om at det skal lukkast for dei. Det er 37000 småkommunar i Frankrike, og 35000 av dei har inga evangelisk kyrkje i seg. 
  • 50 millionar franskmenn har ingen berøring med ei kristen kyrkje eller med Guds evangelium. Be om at Gud må sjå i nåde til dei og senda arbeidsfolk ut til sin haust i Frankrike.
  • Be om at bibelskular og teologiske seminar skal bli fylte av folk som kan serve kyrkjelydane med godt leiarskap. 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...