mandag 9. mai 2016

Djibouti

Djibouti ligg  mellom Somalia, Eritrea og Etiopia ved Raudehavet. Det er 23200 kv.km. i utstrekning, og blir rekna for å vera det området på jorda som har høgast gjennomsnittstemperatur. Folketalet er om lag 1 million, og det aukar med 1,7% i året.
61% er somaliarar som tilhøyrer tre store klanar. 28% tilhøyrer afarfolket.  8% er arabarar. Alfabetiseringsgraden er på 72,2%. Offisielle språk er fransk og somali. Totalt blir det snakka 10 språk. Fem av dei er innfødde. Heile Bibelen er omsett til tre språk. Eitt har NT og eitt deler av NT.

Mangel på vatn og jordbruksland gjer landet heilt avhengig av fransk og amerikansk hjelp. Begge desse landa har militærbasar i Djuibouti, og er avhengig av goodwill. Hamnetilhøva i landet er gode, og landet har status som frihandelssone, og landet er blitt ei handelsbru mellom resten av verda og Etiopia.  50-80% av befolkninga er utan arbeid. Misbruk av det narkotiske stoffet qat er svært utbreidd. Det passiviserer befolkninga.

Landet var fransk koloni frå 1884, men fekk sjølvstende i 1977.

97 % er muslimar, 1,75% kristne (50-50 katolikkar og ortodokse). Om lag 1200 evangelisk kristne.

Kjelde: Jason Mandryk: Operation World 2010

  • Djibouti er eit fredeleg område mellom nasjonar med mykje krig og uro. Det skuldast vestleg militært nærvær. Be om at fridomen og freden i landet må vara ved til velsigning for befolkninga i landet, og at landet må bli effektivt verna mot islamismen som breier om seg i området.
  • Landet slit med formidable problem med prostitusjon, arbeidsløyse, tørke, svolt og narkotikamisbruk. Be om at Gud skal gripa inn og frelsa nasjonen. At Anden skal bli aust utover landet og at evangeliet om Jesus skal opplysa kvart menneske. 
  • Be om at Gud skal driva arbeidsfolk ut til sin haust i Djibouti. 
  • Be om at Guds utsendingar skal tola å stå i store spenningar mellom etniske grupper og leva under margianle klimatiske forhold utan å missa motet og motivasjonen.
  • Be om at dei truande i landet skal bli visjonære og halda saman for å realisera eit felles mål om å disippelgjera nasjonen.
  • Be om at Gud skal velsigna landet med regn og grøde.
  • Be om at dei som no jobbar som "teltmakarar" i landet skal få høve til å vitna om Jesus Kristus for folk.
  • Det har vakse fram levande kyrkjelydar mellom immigrantar frå Etiopia, Madagaskar, Fillipinane, Den demokratiske republikken Kongo og Eritrea. Desse prøver å nå somaliarar og afarar med evangeliet. Til det trengst stor åndeleg kraft og autoritet. Be om at dei skal bli utrusta med det beste frå himmelen. 
  • Dei få somaliske og afar-kristne som finst opplever store belastningar. Dei blir utstøytte frå familiane sine, slått og til og med drepne. Be om at dei må stå fast i trua utan å vika frå Jesus.
  • Be om at stammeproblematikk ikkje skal splitta dei truande, men at Jesu kjærleik skal vera sterkare enn slik krefter.
  • Mange av dei truande er analfabetar. Be om eit godt alfabetiseringsprogram i kyrkjelydane. 
  • Be om at Gud skal reisa opp kristne leiarar fulle av Guds kjærleik og visdom. 
  • Be om effektive distribusjonskanalar for Bibelen ut til folket, og om ferdigstilling av stadig nye oversettingar. 
  • Be om at radiosendingane frå TWR må bli gjort kjent for folk, og at dei må nå fram til alle avkrokar av Djibouti. 

Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...