fredag 13. mai 2016

Egypt

Egypt er verdas eldste kulturnasjon. Her finn me urgamle, mektige pyramidar, fantastiske tempel og enorme skulpturar som er over 4000 år gamle. Egyptarane fann opp hieroglyffane, ein av dei eldste skriveformene i verda. Historisk var Egypt styrt av faraodynastier der kongen sjølv hadde gudesatus, og pyramidane er gravkammer for desse gudekongane.
Egypt har ein sentral plass i Bibelen, og vil ha høg åndeleg betydning det heilt til Jesus kjem attende. Dei siste versa i Jesaja 19 er rørande lesning for alle som lengtar etter Guds rike. Frå vårt synspunkt skal Egypt bli rikt løna både fordi landet vart ei tilflukt for Israel i nødsåra for over 3000 år sidan, og fordi landet også verna Jesusbarnet mot Herodes.
Av alle land var Egypt eitt av dei første som vart kristna. Markus er rekna for egypts apostel, og landet har fostra nokre av dei største kristne tenkjarane og leiarane i historia. eg tenkjer på Origenes, Cyprian og Klement av Alexandria. Den vidgjetne eremitten Antonius var også frå Alexandria.
Verdas lengste elv, Nilen, renn gjennom Egypt og er landet si livsnerve. Utanom det grønne beltet langs Nilen er Egypt et goldt land og meir eller mindre livlaus ørkensand.

Egypt var lenge eit kristent, men vart erobra av arabiske muslimar i det 7.hundreåret. I dag er fleirtalet arabarar, men den koptisk kristne urbefolkninga tel likevel over 10 millionar menneske av totalt 90 millionar.  3,4 millionar av dei er evangeliske i sitt uttrykk og i sin teologi. Sidan 1930 har det vore ei inder vekkjing i den koptiske kyrkja basert på bibellesning, bøn og personleg tru.

Egypt er islamismens heimland. Den store plaga som no breier seg over heile verda med folk som sprenger seg sjølv i lufta i Allah sitt namn, har røtene sine i Al-Azhar -universitetet i Kairo, der også Osama Bin Laden fekk utdanninga si, og der han vart radikalisert.

Egypt er takka vera Nilen eit rikt jordbruksland. Likevbel ser me ein aukande urbanisering. Folk reiser inn til byane, og blir ofta buande i enorme slumområder, spesielt i Kairo. Mange av dei som er henvist til slummen er koptiske kristne. Men det er også der vekkjinga no veks fram med uimotståeleg kraft. Utruleg ting skjer i Egypt om dagen.

84% er arabarar, 5,4% sudanesarar og 1,2% beduinar.

Under "den arabiske våren" vann Det muslimske brorskapet fram med sin presidentkandidat, Morsi. Han ville islamisera heile landet, og vart brutalt fjerna av dåverande general og noverande president Sisi (800 brorskapsmedlemmer vart slakta ned på Tahir-plassen). Landet er i dag nærast for eit militært diktatur å rekna.

Islam er statsreligion i Egypt. Det er aukande forfølging av den store kristne minoriteten. Men livet i kyrkja er sterkt, og Bibelen er meir tilgjengeleg enn nokon gong tidlegare takka vere eit det egyptiske bibelselskapet sitt effektive distribusjonsnett.

Ei mektig bøne og fornyingsrørsle har skylt innover kyrkja dei siste åra og berørt lekfolk og learar i alle kyrkjesamfunn, og skapt einskap og vitalitet langt utover Egypts grenser.

Kjelder: Mitt eige hovud
Jason Mandryk: Operation World
  • Takk Gud for vekkjinga i den koptiske kyrkja i Egypt, og for at Bibelen er tilgjengeleg for folk. Be om Guds verk skal ekspandera kraftig i landet, og at Bibelen skal bli kjært lesestoff for landets muslimske majoritet.
  • Evangeliet om Jesus når i stor grad fram til folk gjennom elektroniske media. Det er eit takkeemne. Be om at dei som tek imot evangeliet på denne måten, finn seg ein fysisk, nærverande kyrkjelyd å leva i. 
  • Be om at bøne og fornyingsrørsla i kyrkja må ekspandera i Egypt, berøra den muslimske befolkninga sterkt, og spreia seg vidare til andre land.  
  • Be om at egyptiske kristne oppdagar sin store historiske betydning for utforminga og utbreiinga av kristendomen, og at det igjen skal veksa fram leiarar av verdsformat i den egyptiske kyrkja. 
  • Be om stor nåde og visdom over den koptiske paven. Uansett kva me meinar om pavar, har Tawadros II ein sentral og vital rolle å spela i alt som skjer i den koptiske kyrkja.. 
  • Trass i eit sterkt åndeleg liv i kyrkja, er mange koptarar nominelle kristne. Be om at Gud skal blåsa liv i dei, at dei skal bli rivne med av Andens vind og bli sanne kristne. 
  • Be om at veksten skal halda fram også i dei evangeliske kyrkjene. Vekkjinga i desse kyrkjelydane starta i 1973, og har ikkje stoppa etter det. Helsearbeidet deira mellom dei fattige er omfattande og ber rik frukt.
  • Forfølginga har blitt kraftig intensivert dei siste 20 åra. I Øvre Egypt veldig direkte ved at brutale gjengar går til fysisk åtak poå kristne, driv med kidnapping, tortur, drap, og dei riv ned og tenner på kyrkjebygg osv. Styresmaktene gjer ingenting for å hindra dette. i Nedre Egypt er forfølginga  meir indirekte med økonomiske restriksjonar retta mot dei truande. Konvertittar får heller ikkje lov å byta religiøs status i ID-korta sine. Be omat dei truande må stå fast i Jesus og Ordet midt i trengslene, halda saman i sterke fellesskap og bli foredla i sin kristne karakter. 
  • Dei siste åra har så mange som ein million muslimar komen til tru på Jesus. Desse opplever sterkare forfølging enn andre kristne, og treng meir forbøn enn nokon andre.
  • Dei fleste i Egypt må reknast for unådde. Be om at Jesus skal bli synleg over heile landet.
  • Be spesielt om at  nubiarane, berberane, sigøynarane, beduinane, bejafolket og dei 2 millionar sudanesiske flyktningane i sør skal bli berør av evangeliet.
  • Be om at misjonsvisjonen tek godt tak i dei egyptiske kristne slik at dei reiser for å representera Jesus i andre arbabiske land, gjerne som "teltmakarar". 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...