mandag 2. mai 2016

Republikken Kongo, tidlegare Fransk Kongo


Republikken Kongo er 342000 kv. km. Befolkninga er på vel 4 millionar. 60% av arealet er dekka av tropisk regnskog. Denne står i stor fare pga avskoging. Etterspurnaden etter tropisk tre er stor i verda. 
Landet er ein gamal framsk koloni. 84% av befolkninga er lese og skrivekyndige. Administrasjonsspråket er fransk. 
Landet har store naturressursar som har ført til ei uendeleg rekke med borgarkrigar som utarmar befolkninga. Fattigdomen er svært stor. 50% lever under FN`s absolutte fattigdomsgrense. 
Bantustamma dominerer (91,7%). Denne er delt inn i mange undergrupper med kvar sine stammespråk. Totalt er det 62 innfødde språk i Kongo, og det vil vera trong for bibeloversetting i 28 av dei. 
Landet vart fri frå fransk administrasjon i 1960. Ei marxist-leninistisk regjering styrte landet fram til 1991. Då fall kommunismen saman. Etter 7 år med fælslege krigshandlingar og store øydeleggingar, kom den gamle raude presidenten Denis Sassou-Nguesso igjen til makta. Han vart siste gong attvald i år. 
90% av befolkninga er kristne eller tilhøyrer ei kristen kyrkje. Dei fleste er naturlegvis romersk katolske, men det er så mange som 1 million protestantar/evangelisk kristne i landet.  Den årlege kyrkjeveksten er gjennomsnittleg på 2%. 

  • Be om at Gud skal velsigna dette naturrike landet med gode, venlege, rettferdige og kloke leiarar.
  • Be om forsoning mellom folkegrupper som gjennom mange år har stått opp mot kvarandre og påført kvarandre fælslege lidingar
  • Kongo har blitt kristna, men aldri omvendt. Over 50% av dei kristne praktiserer okkultisme og er under djevelens kontroll. Be om ei gjennomgripande vekking, at Guds rike skal koma med kraft til Kongo og at folket skal bli fridd ut frå mørkers makter. 
  • Be om at alle restar av kommunistisk ateisme må reinsast ut av lovverket og ut av folks sinn
  • Kyrkja treng desperat til godt leiarskap. Be om effektiv og god utdanning og fostring av kristne leiarar som kan disippelgjera nasjonen. 
  • Be om einskap på Bibelens grunn mellom dei mange evangeliske gruppene i landet
  • Be om effektiv utdanning av nye kristne leiarar
  • Be om effektivt arbeid blant barn og unge. 41% er befolkninga er under 15 år. 
  • Be om kristne lærarar for barn og unge
  • Be om eit godt fungerande studentarbeid. Det har i mange år våre forbode med ope kristent studentarbeid på universiteta, men det finst bibelgrupper som samlar totalt 120 kristne studentar. 
  • Be om at evangeliet skal nå fram til dei folkegruppene som er heilt unådde, det gjeld i særleg grad pygmeane som lever seminomadiske liv i jungelen. Dei er svært vanskelege å nå.
  • Be om framgang i bibeloversettingsarbeidet, og om pionerånd mellom dei kristne med tanke på å starta opp i nye språkområder. Per 2010 vart det jobba med 13 språk, og Wycliffe er tungt inne. 
  • Jesusfilmen er tilgjengeleg på 12 språk. Be om Guds rikes framgang gjennom denne. 
  • Det eksisterer to kristne radiostasjonar. Be om at dette arbeidet skal ha høg kvalitet, bli gjort kjent og ha gjennomslagskraft i seg.




Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...