tirsdag 17. mai 2016

Noreg

I dag, på 17.mai, ber me for Noreg.
Det er omlag 5 millionar som bur i dette landet. 92,6% nordmenn (o,6% samisktalande og 92% norsktalande). 3% kjem frå andre europeiske land, 3,6% frå asiatiske land og 0,6% frå Afrika (halvparten frå Somalia). 
Det blir snakka 20 ulike språk i Noreg. Heile Bibelen er omsett til to av dei, NT til to, eitt har deler av Bibelen medan eitt språk er under bearbeiding. 
Om lag 90% av folket tilhøyrer ei kristen kyrkje, dei fleste Den norske kyrkja. Kristendomen veks med 0,7% årleg, men denne veksten står i stor grad frie evangeliske kyrkjelydar og den katolske kyrkja for. Det er 81000 evangeliske kristne i Noreg, dei fleste pinsevener. Denne gruppa veks årleg med 3,8%. Den romersk katolske kyrkja har 60 000 medlemmer, og har ein årleg vekst på 2,7%, mest grunna arbeidsinnvandring.
Det er 92000 muslimar i Noreg. Denne gruppa veks med 5,7% årleg, mest grunna innvandring frå Afrikas horn og Midtausten.
Sjølv om fleirtalet av nordmennene tilhøyrer Den norske kyrkja, er det berre 4% som går jamnleg til gudsteneste eller kristne møter, og berre halvparten av nordmennene trur at Gud eksisterer. 
Historisk har me vore velsigna med mange kristne vekkjingar, i Noreg der Haugevekkjinga som braut ut i 1796  i så måte markerer både starten og klimaks. Vekkjingane som varte fram til etter 2.verdskrigen gjorde Noreg til ein misjonsland framfor alle andre land i verda, når me reknar på antal misjonærar i høvve til folketalet. Viktige misjonsmarker har vore Kina, Japan, Etiopia, Kongo, Kamerun, Madagaskar, India, Bangla Desh, Nepal og Sør-Afrika, dei seinare åra også i Latin-Amerika. Men sekulariseringa etter 2.verdskrigen har ete seg langt inn i dei kristnes rekkjer, misjonsiveren har kolna og talet på misjonærar gått kraftig ned. I dag er det omlag 1000 norske misjonærar i teneste, av desse er 600 på langtidskontraktar. 
Noreg sin økonomi er i stor grad bygd opp kring olje og gassproduksjonen i Nordsjøen. Denne ressursen har gjort Noreg til eitt av verdas rikaste land, men det har også gjort oss til eitt av dei materialistiske landa i verda. Pengane har overteke Guds plass i folks hjarto. 
Grunnskulen hadde lenge i oppgåve å gje barna ei kristen oppseding. Alle fekk med seg innhaldet i den kristne trua på skulen, der det også var bøn og salmesong. 
Slik er det ikkje lenger. No skal det undervisast i alle verdsreligionar, og resultatet er at barna blandar saman religionane og blir forvirra og synkretistiske. Meir enn nokon gong er det bruk for ein sterk kristen skulelagsbevegelse.   
På 1980-talet grunnlag den omvendte drukkenbolten og fengselsfuglen Ludvig Karlsen  det første Evangeliesenteret der tunge stoffmisbrukarar og kriminelle kunne få avrusing, frelse, rehabilitering og utdanning. Dette har blitt ein stor suksess. Evangeliesentera representerer i dag den einaste kristne vekkjingsrørsla i landet med kraft i.
Gode Gud! Velsign Noreg, vårt kjære fedreland.  Må landet enno ein gong bli bada i ditt lys, og folket på nytt læra å kjenna deg som Far, Jesus som frelsar og Den heilage ande som hjelper, trøystar og kraftkjelde. Sjå i nåde til oss og før oss på dine vegar. Herre Jesus Kristus, må din herlegdom bli synleg i heile landet vårt, må namnet ditt helgast, riket ditt koma og viljen din skje i Noreg slik som i himmelen.

Reinsa og reis opp kyrkja di slik at me som kristne kan vera sanne disiplar av deg, godt grunnfesta i nåden, Bibelen og fellesskapet, truande menneske som strålar av din kjærleik og av Andens kraft og glede.

Gje oss apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan forkynna ditt ord inn i folks liv med truskap, kløkt og autoritet.

Må kyrkjelydane og bibelskulane fyllast av folk som søker deg og di frelse, for seg sjølv og for andre, og gje alle kyrkjelydar og alt kristent lagsarbeid stor framgang.

Må Noreg igjen bli eit leiande misjonsland, og eit land som raust deler ressursane sine med dei fattige på kloden.

Gjer oss gjestfrie og ansvarlige slik at me opnar grensene våre for menneske på flukt, og tek oss godt av dei framande, etter ditt ord.

Må det veksa fram ei bønerørsle mellom dine barn som løyser ut ei elv av liv, kraft og velsigning over landet.

Må ditt namn og ditt ord bli akta høgt av alle, og må leiarar på alle nivå forstå at den store livsvisdomen er å henta i Bibelen, og at lydnad mot ditt ord er den einaste sikre vegen til suksess.

Gje oss ukorrupte og rettsindige leiarar som trur på deg, elskar folket og som er fornuftige nok til å søkja hjelp hos deg i små og store spørsmål.

Vern alle barn i mors liv mot abort, og gje alle gravide mot og kraft til å velgja livet framfor døden.

Må opinionen snu i abortspørsmålet og tvinga fram ei lov som effektivt vernar barnets rett til liv og framtid.

Må ekteskapet mellom kvinne og mann bli den einaste legitime samlivsform i Noreg.

Vern heimane mot strid og oppløysing.

Gode Gud, syn deg som Far  for barn som har mista ein av foreldra sine, eller som er blitt svikta på ein eller annan måte. Ta deg også av enkjer og einslege forsørgarar, og ver eit sikkert vern for flyktningar og framande. Gjer det varmt i dette landet, og hjelp oss å ta vare på kvarandre.

Ver nær hos dei alvorleg sjuke med di lækjande kraft, og lat håpet frå evangeliet lysa for alle som sørgjer, og for dei som strir med døden.

Pass godt på barn og unge så dei ikkje vert utsette for overgrep eller mobbing.  Gje dei sjansen til å bli kjent med deg slik at dei kan tru på deg, og æra og elska deg. Leid dei på dine vegar og lat det gå dei vel i livet.

Må Jesus bli synleg i alle medier, og det som skjer i Guds rike  brennande interessant nyheitsstoff i alle redaksjoner.

Må kong Harald modig hevda si kristne tru, løfta fram Bibelens autoritet,  vitna om deg som kongen over kongane og verdas frelsar.

Må statsminister Erna Solberg utøva eit godt leiarskap i landet, læra seg og elska deg og ditt ord og fremja dine prinsipp i politikken.

Må klokskap, truskap, humanitet, gudsfrykt, miskunn  og rettsinn prega arbeidet i regjeringa.

Må ordet ditt ha framgang blandt Stortingspolitikarane, og vera styrande når dei formar meiningane sine og tek avgjerder til gagn for folket.

Ver med alle norske misjonærar, bevar dei i ei enkel, sterk og sann tru, utrust dei med Andens kraft og gåver og lat dei få oppleva stor framgang i tenesta si

Ver med alle norske sjøfolk, trailersjåførar, folk i utanrikstenesta, norske studentar i utlandet, turister på reise under fjerne himmelstrøk og nordmenn som sit i fengsel i andre land. Vern dei mot alle farar og før dei alle trygt attende til heimlandet.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...