På bilete ser du den unge indiske pastoren Deenanath og kona hans (som er gravid i 7. månad). Dei bur i byen Bastar i delstaten Chhattisgarh. Den 24. april vart dei angripne av sinte hinduar som helte bensin over dei og prøve å tenna på, men utan å lukkast. Derimot vandaliserte dei kyrkjebygget deira, brant opp biblar og tvinga gudstenestebesøkande å ropa "Jai Shri Ram" som betyr "pris guden Ram".
Dette melder "Open Doors International".
Det er aukande forfølging av kristne i India. Tendensen har vart i mange år no. Det er partiet Bharatiya Janata (BJP) med statsminister Narendra Modi i spissen som styrer India. Dette er eit hinduistisk nasjonalistparti. Dei gjer lite for å demma opp mot menneskerettsbrot, og syner liten interesse for å påskunda politiet å oppklara brotsverk mot kristne.
Gode Far. Me takkar deg for slike som Deenanath og kona hans, og ber om at du på ein heilt spesiell måte skal verna dei mot overgrep og drapsforsøk. Ta bort frykten frå hjarto deira. Gje dei å forkynna Ordet med all frimodighet, og må dei lukkast i si gjerning. Ta deg også av forsamlinga deira, og må du hjelpa alle som var på gudstenesta å koma over traumet som er påført dei, og ta deg på ein spesiell måte av dei som føler dei svikta deg og sine kristne søsken denne søndagen. Gje dei kristne i India ei fast tru, klåre visjonar og eit godt mot. Gje kyrkjeleiarane stor visdom i måten dei jobbar på. Verna folket ditt, far, og lat Jesus Kristus skina gjennom dei slik at at bundne menneske kan bli fri frå den falske religionen sine tunge lenker. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula
Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar