Her snakkar me om ei stor, unådd folkegruppe på 4 116 000 menneske.
Desse kurdarane har sjølvstende, og er det næraste me kjem ein kurdisk stat per i dag. Hovudstaden er Erbil. Det føregår mykje kristent hjelpearbeid i Iraksk kurdistan, og mange har den siste tida kome til tru på Jesus, ikkje minst gjeld dette flyktningar frå dei områda som er kontrollerte av IS. Men motstanden er aukande. Ein av dei som me kjenner, som gjennom mange år har planta og bygd kyrkjelydar i dette området, har no måtta flykta frå landet og til Europa. Han kjem på besøk til Kristkyrkja den 19.juni, og me gleder me oss veldig til enno ein gong å høyra hans sterke historie.
Kurdarane reknar dei gamle medarane som sine forfedre, og sjølv om dei er sunnimuslimar (light), har dei har ein viss sympati for den gamalpersiske Saratustra-religionen Desse menneska tek gjerne imot evangeliet når deire muslimske "brør" fører krig mot dei og tek livet av dei.
Kurdarane i Sentral-Irak snakkar sitt eige kurdiske språk, og Det nye testamentet føreligg på dette språket.
Kjære Herre Jesus! Eg ber i dag for kurdarane i Sentral-Irak, og takkar deg for dei av dei som den siste tida er komne til tru, og for alle kyrkjelydar som er blitt planta. Må dei nye kristne kurdarane bli grunnfesta i din nåde og fylte med din Ande. Gje dei gode leiarar som kan formidla ordet ditt til dei med kraft, og som kan vera gode førebilete for dei andre. Eg ber om at det skal veksa fram ein disippelskapskultur i kyrkjelydane som gjer kvar enkelt kristen til ein medviten menneskefiskar som går din veg uansett kva det måtte kosta. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar