torsdag 15. juli 2010

Kyrkja under krossen

Desse bøneemnene er henta frå Voice of the Martyrs siste nyheitsbrev.

1) Den kristne mannen Behnam Sabti (54) frå Mosul vart drepen av ei bombe plassert under bilen hans 5.juli.
Herre! Gje trøyst og styrke til Behnams familie
. Lat dei skuldige for mordet bli tatt og ilagt rettferdig straff. Gje vern til dei kristne i Nord-Irak, og lat valden mot dei ta slutt slik at dei kan tena deg utan otte.

2) Indonesia. Det er aukande fare for forfølging av kristne i byen Bekasi på Vest-Java. Andreas Sanau er truga på livet, urettvist skulda for massedåp av muslimar.
Gode Gud! Gje dei kristne i Bekasi effektivt vern. Stopp dei som no vil lynsja Andreas Sanau og andre kristne. Lat di kyrkje i Indonesia ha fred slik at dei trygt kan tena deg med iver.

3) India. Kerala. Ein kristen professor ved Newman's College i Thodupuzha, TJ Joseph, skal ha fornærma fundamentalistiske hindustudentar med 2 av spørsmåla i ein test. Dei gjekk til åtak på han etter ei gudsteneste 4.juli og forsøkte å amputera den høgre handa hans. Han vart alvorleg skada, men er under behandling.
Gode Far! Eg ber om lækjedom for TJ Joseph, og om at dei skuldige for ugjerninga mot han vert arresterte og stilt for retten. Sjå i nåde til kyrkja di i Kerala og hjelp dei modig å forkynna evangeliet midt i all motsand ho møter. Lat riket ditt koma og send din Ande for å stadfesta Ordet for folket, avsløra synd og herleggjera Jesus.

4) Pakistan. Lahore. Ein kristen familie klarte å rømma frå ein mobb som ville trenga seg inn i huset deira for å lynsja dei for blasfemi mot Koranen. Familien er klaga for å ha hengt opp ein seilduk med koranvers på i taket på eitt av romma sine. Denne vanhelginga av Koranen er forboden etter §295C i straffelova, og ytste strafferame er døden. Truleg er desse versa påførte av andre som eit påskot for å få familien bort. Slikt skjer ofte i Pakistan.

Far i himmelen! Sjå i nåde til denne familien og gje dei den hjelpa dei treng i redsla som er komen over dei. Hjelp dei å løfta blikket og sjå på deg, du store sigerherre, slik at dei ikkje blir motlause. Me ber også om at den djevelske blasfeminlova skal bli fjerna frå det pakistanske lovverket. Gje di kyrkje i Pakistan å forkynna Jesus med frimot, og rekk ut di hand og gjer under og teikn mellom dei i din tenar Jesu Kristi namn.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...