fredag 16. juli 2010

Kyrkja under krossen

Desse bøneemna er henta frå Voice of the Martyrs nyheitsbrev 15. juli.

Nigeria: Den 3. og 4. juli vart 8 kristne brutalt myrda i provinsane Keduna og Plateau. Det var menn frå Fulanistamme som sto bak drapa. Fulaniane er muslimske nomadar som står i konflikt med bufaste kristne i desse områda. I mars drap dei ikkje mindre enn 500 kristne i byen Jos i Plateau.

Herre Jesus Kristus! Gje dei kristne i desse områda vern mot den vondskapen som dei no er utsette for. Trøyst og styrk dei som har mista sine kjære, og gje dine barn mot og kraft til å be for forfølgarane sine. Lat riket ditt koma til dette samfunnet slik at det kan bli forandra frå innsida og bli eit fredeleg området med rettferdige lover.

India: I delstaten Karnataka vart den 40 årige kristne kvinna Amodini livstrugande knivstukken og ille tilredd av 15 hinduistiske menn som ikkje kunne tola at ho delte evangeliet med andre hinduar. Ho ligg på sjukehus, og tilstanden er kritisk.

Gode Gud og Far! Lat di kraft koma over Amodini til snarleg lækjedom. Gje dei kristne i Karnataka det vern dei treng for liva sine, og styrke til å stå i forfølging utan å missa motet. Lat lidingane deira føra til frelse og nytt liv for den vanlege inder.

Iran: Den kristne mannen Ali Golchin (29) har no sete i ei trang einecelle i det berykta Evinfengslet i Teheran sidan 29.april. Hans fysiske og mentale helse er no i ein kritisk tilstand. Faren fekk besøka han den 17. juni, og kan fortelja at Ali berre gret og var heilt nedbroten.

Kjære Jesus! Du som kjenner lidinga betre enn nokon, du som i angst sveitta blod i Getsemane, gje Ali Golchin den hjelpa han så sårt treng. Fyll han med din fred, og lat han få bevara forstanden midt i torturen han er utsett for. Me ber også i ditt namn om at han snarleg må bli sett fri.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...