fredag 23. juli 2010

Nytt frå Voice of the Martyrs

Nigeria: Den 17. juli vart 8 kristne drepne av muslimske menn i byen Mazzah som ligg midt i landet. Tryggingspolitiet kom til staden, men vart berre ståande og sjå på til åtaket var over.

Gode Gud! Sjå i nåde til dei som har mista sine kjære, og gje dei den trøyst som berre himmelen kan tilby. Hjelp nigerianske styresmakter til å handheva lov og orden i området. Lat illgjerningsmennene bli arresterte og ilagt rettferdig straff. Gje dine barn i Nigeria englevakt, og hjelp dei å elska fiendane sine etter Jesu undervisning og føredøme.

Pakistan: Pastor Rashid Emmanuel (32) og bror hans Sajid Emmanuel (30) frå Faisalabad vart den 19. juli skotne og drepne av maskerte menn i heimbyen sin. Bakgrunn: Den 1. juli vart dei to brørne, som leier United Ministries Pakistan, arresterte for blasfemi mot profeten Muhammed. Under arrestasjonen vart dei konfronterte med eit islamkritisk dokument som bar deira underskrifter. Seinare har skrifteekspertar avvist av dette er Rashid og Sajid sine signaturar. Dokumentet er fabrikert. Under ein fangetransport vart imidlertid brørne drepne etter at store menneskemengder hadde demonstrert mot dei og kravd deira død.

Herre Jesus Kristus, du som måtte tola falske klagemål og namnlaus liding, gje styrke og trøyst til familie og vener av Rashid og Sajid Emmanuel, og hjelp alle kristne i Pakistan til ikkje å bli gripne av lammande redsle når djevelen går rundt som ei brølande løve for å sluka dei. Gje dei overnaturleg kraft slik at dei ikkje sluttar å vitna om Kristus når dei falske klagemåla mot dei strøymer på og talet på martyrar berre aukar. Me ber enno ein gong at paksitanske styresmakter skal fjerna blasfemiparagrafane i lovverket sitt, og at dei kristne skal kunna tena deg utan dette trugsmålet hengande over seg.

Dagestan, Russland: Den 15.juli vart pastor Artur Soleimanov (49) brutalt skoten i hovudet då han skulle setja seg i bilen sin etter eit møte i Hosanna House of Prayer Church i Makhachkala. Han døydde på sjukehus ein time etter attentatet. Pastor Soleimanov var vel kjent som ein dynamisk leiar for den største av alle protestantiske kyrkjer i regionen, ei kyrkje som var kjend for eit omfattande evangeliserings og misjonsprogram. Soleimanov vert omtala av medarbeidarar som ein "vidunderleg kristen bror" og at hans død er "eit øydeleggjande tap for kyrkja i Dagestan." Han let etter seg kone og 5 barn.

Herre Jesus, Gud vår Far, gje kona og borna til Artur Soleimanov all den styrke og trøyst dei treng i sorga etter mann og far, og lat drapsmannen bli arrestert og stilt til ansvar for ugjerninga, og sjå til hans arme sjel. Gode Gud, reis opp nye modige leiarar etter Solimanov slik at hans død blir til mangfoldig liv. Gje dei kristne i Russland alt det motet dei treng for å halda fram med evangeliseringsarbeidet trass i alle trugsmåla som kviler over dei.

Uzbekistan: Styresmaktene i den autonome republikken Karakalpakstan har den siste tida slått kraftig ned på all protestantisk kristen aktivitet. Politiet har raida mange heimar og beslaglagt bøker, CD`ar og DVD`ar i mengder. Berre islam er lovleg religion i området. To kristne leiarar vart arresterte og sat inne i 10 dagar. Ein av dei var Lepes Omarov som i 2003 mista lærarjobben sin fordi han ikkje ville fornekta trua si.

Gode Gud! Vær nær hos dine barn i Karakalpakstan og ellers i Uzbekistan og hjelp dei å halda kjærleiken til Jesus levande, og gje dei kraft til modig å bekjenna Han i kvardagen trass i motstand og trugande åtfred frå sytresmaktene. Lat evangeliet ta skikkeleg tak i dette området slik at det blir forvandla frå innsida.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...