søndag 28. juni 2015

Dunganfolket i Kirgizistan

Det er 63000 dunganar i Kirgizistan, og nesten like mange utanfor landet, og særleg i nabolandet Kasakstan. Dungan er opprinneleg kinesarar. Dei er framifrå dyktige grønsakdyrkarar, og er elles kjende for å venlege og gjestmilde. Dunganfolket er muslimar. Deler av Bibelen er omsett til dunganespråket. Nokre ytters få er kristne.

Kjære Herre Jesus! Me ber om at du skal bli kjent, trudd, æra og elska mellom dunganane. Må riket ditt og koma, viljen din skje i dette folket. Avslør islams løgner for dei, synd dei djupnene i synda dei ber på og gje dei ei djup lengsle etter fred med Gud ved trua på deg, du som er verdas einaste frelsar. Fyll dei kristne med Ande og kraft og gjer dei til dine sterke og truverdige vitner. Må dungankyrkja veksa fram som ein vakker bygning i Sentral-Asia, og lysa for alle menneske somo bur der. Amen!

lørdag 27. juni 2015

India

I India bur det 1,2 milliardar menneske som til saman snakkar 456 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 70, 120 har et nye testamentet, 89 har deler av GT og NT, medan det er starta omsettingsarbeid i 136 språk (tal frå 2010).
Om lag 80% av innbyggjarane er hinduar. 2-3% er kristne, 13% muslimar, 1% sikhar.
Det er kristendomen som veks forstast i India no. Det er stor intensitet i misjonsarbeidet frå indiske kristne og kyrkjer som i hovudsak har ført til denne veksten.
Befolkninga er delt inn i 4700 kastar, og det er rundt 25000 underkastar. Sjølv om kastesystemet er forbode ved lov, har det likevel stor betydning for dei vala indarane tek, og kan ta , i liva sine. Kastesystemet er nær knytt til hinduismen, men er diverre også levande innan den kristne kyrkja.
India har dei siste tiåra hatt ein formidabel økonomisk utvikling. Landet er ei økonomisk stormakt i dag, og ligg på fjerde plass når det gjeld talet på millionærar, og ein ny middelklasse har vakse fram og er i dag svært dominant. Trass i dette lever over 40% av befolkninga i den ytste fattigdom, 40% av barna har ikkje nok mat å eta,  25% er kastelause og lever som gjeldsslavar under korrupte godseigarar (70% av Indias befolkning lever på landsbygda og er knytt til det føydale jordbruket der), ei gjeld som går i arv frå generasjon til generasjon. Ikkje noko land i verda kan skilta med større økonomisk ulikskap og urettferd enn India.
900 000 indarar døyr kvart år av å ha drukke ureint vatn.
Landet er nr. tre i verda når det gjeld HIV-smitta.
Tredjeparten av alle tuberkulosetilfella i verda er i India.
Landet har 1000 spedalskkoloniar
35 millionar barn er foreldrelause
3 millionar av dei lever på gata
Fattige foreldre sel barna sine til prostitusjon for å nedbetala gjeld
2/3 av barna vert utsette for fysiske overgrep
Halvparten av barna opplever seksuelle overgrep
Mange jenter vert aborterte eller drepne ved fødselen. Det er eit underskot på 35 millionar kvinner i India i dag. Dette kan forklara noko av problemet rundt massevaldtekter som stadig rystar landet.
Kvinnene har lågare utdanning enn menn, og mange fleire av dei er analfabetar.
Mange unge jenter hamnar i tempelprostitusjon

India ligg i ein vedvarande konflikt med Pakistan i Kashmir, og med Kina i enkelte grenseområder.I sentrale og austlege deler av landet har det vakse fram ei valdeleg marxistisk rørsle som valdar øydelegging. I nordaust (Mizoram) er det seperatiskegrupper som har teke til våpen.

Konstituasjonen sikrar full religionsfridom, men nye nasjonalistiske rørsler har som slagord: "India for hinduar", og dei oppmuntrar til forfølging av kristne og muslimar, og andre religiøse minoritetsgrupper.

Auka forfølging i Orissa og Karnatake har styrkt einskapen mellom dei mange ulike kyrkjene i områda.

Trass i mange mørke trekk, går kyrkja fram med stormsteg og den kristne trua veks snøggast av alle religionar i India i dag, og me høyrer titt om kastelause som kollektivt går over til Jesus som er den einaste som kan gje dei full verdi som menneske på lik linje med alle andre.

Takk for
  • Framgang for Guds rike  over heile landet
  • Den konstitusjonelle religionfridomen som i stor grad blir respektert
Be om
  • at Gud skal la sitt lys fløyma over India slik at folket vert fridd ut frå hinduismens mørke løgner og sett over i Guds kjære Sons rike 
  • kyrkja skal reinsast frå synd og fyllast med Ande og liv
  • dei truande skal halda ein høg profil og forkynna evangeliet med frimot
  • at Gud rekker ut si hand slik at under og teikn og mektige gjerningar skjer i vår Herre Jesu Kristi namn.
  • at indarane skal ta avstand frå dei mange og vemmelege avgudane sine og venda seg til den eine sanne Gud
  • stor einskap mellom kyrkjer og kristne
  •  styresmakter som fremjar rettferd for heile befolkninga
  • at alle kyrkjelydar tek eit oppgjer med kastestystemet internt
  • store landreformar der leilendingane kan få eigedomsrett til den jorda som dei dyrkar
  • at folket skal sjå samanhengen mellom seksuell promiskuitet og HIV.
  • at vassreinsing skal vera eit prioritert område for styresmaktene
  • at kyrkjelydane skal vera fulle av himmelsk legedomskraft
  • at Guds ord skal få makt over sinna slik at det blir ein slutt på abort, babydrap og fysiske og seksuelle overgrep mot barn, og at Gud skal verna dei små mot dei store. 
  • at India skal ha fred med Pakistan og India, og at det skal bli ein slutt på intern vald og uro
  • at alle religionar skal bli respektert av alle, og at det skal bli slutt på forfølging av minoritetar.
  • at katesystemet skal bli dømt og forkasta av folket
  • at dei kristne skal starta målretta misjon overfor dei 160 millonar muslimane i India, samt mellom sikhane og jainittane

torsdag 25. juni 2015

Bokarfolket i India


Bokarfolket er ei undergruppe av Adi. Dei lever i grenseområda mot Kina heilt i nordaust, i eit område av India der kristendomen elles står overlag sterkt. Dei er bønder for det meste, og driv elles med veving og korgfletting, og har suksess med begge deler. Likevel, analfabetismen er høg, og evangeliet må koma til dei helst i munnleg form. Dei snakkar adi, og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei i tekst og lyd. Det same er Jesusfilmen. Når det gjeld hovudreligion er den ikkje kjend for joshuaproject.net, men over 4% er kristne, men ingen evangeliske.

Far i himmelen! Me ber for dei i bokarfolket som ser på deg som sin Gud, at dei skal ha ei levande tru, ei rett forståing av kva du har gjort for dei gjennom Jesus, bli fylt av din kjærleik, halda saman i sterke fellesskap og overgje seg til å bringa din frelsande bodskap til frendane sine og til resten av alle som snakkar adispråket.  Motiver dei til å læra seg og barna sine å lesa og skriva, og skap i dei ein hunger og tørst etter ditt ord som skapar forvandling i liva deira. Løys dei mildt og sterkt frå alle falske religiøse førestellingar, og frå alle åndsmakter som bind dei til synda, døden og domen. Gjer Jesus og hans frelse herleg og stor for dei. Me ber i Jesu namn. Amen!

Bokar in India

torsdag 18. juni 2015

Dudekulafolket i India

Dudekula 
Dudekulastamma utgjer berre 5000 menneske. Dei snakkar Telugu, og har tilgang på heile Bibelen på språket sitt. Språklet betyr dudekula rein bomull, og dei jobba då også med å reinsa nyinnhausta bomull. Dei er muslimar, men følgjer gjerne folkelege skikkar som ikkje samsvarar med trua på Koranen og Allah. Dei har Perugonga Baba som skytsengel, og feirar årleg hans dødsdag.

Kjære Herre Jesus!
Me ber om at dudekulastamma i Indio skal bli fridd ut av islams sterke makt, og venda hjarto sine mot Jesus og oppleva fridomen i han. Må dudekulafolket bli eit derfinert mål for indisk misjon. Inspirer dei til å lytta til og lesa ditt ord, og må ordet ditt skapa i dei det det nemner. Amen!

Dudekula in India

Island


Island har verdas eldste parlament. Alt i 930 vart det første Alltinget etablert.
Islands rike litteratur frå Middelalderen er velkjend. Ættesoger frå Island og dei norske kongesogene skrivne av islendaren Snorre Sturlason blir rekna for eit høgdepunkt i verdslitteraturen. 
I Island bur det 330000 menneske. Landet ligg i nordatlanteren, og er ein del av den midtatlantiske ryggen som strekker seg frå Sørishavet til Nordishavet, og er 100% vulkansk. Det er mange aktive vulkanar på sagaøy, og det er stadig nye utbrot. Island har rike naturressursar, fiske og vasskraft har gjort landet til eitt av verdas rikaste. Framveksten av ein abnorm finanssektor resulterte i økonomisk samanbrot og regjeringskrise i 2008-2009. Men per i dag er økonomien i god betring. Historisk har Island vore styrt av Danmark i mange hundre år, men vart sjølvstendige i 1944.
Landet har ein unik og fantastisk natur med varme kjelder, høge fjell, enorme isbrear, elvar, fossar og revner. Mest kjend er Thingvellir, ein sprikk i nord-sørleg retning tvers over øya som utvidar seg år for år. Eine delen av øya beveger seg mot aust, den andre mot vest.

Den lutherske kyrkja i landet er statskyrkje. Nesten alle innbyggjarane  er medlemmer av Den islandske kyrkja, men det er svært få aktive kristne. Likevel er det lyspunkt. Ungdom i Oppdrag har etablert ein fast base i Reykjavik, Den lutherske frikyrkja er aktiv, og pinsevenene driv eit disippeltreningssenter. Fleire kyrkjelydar driv Alphakurs, og resultata har vore gode. Den kristne radiostasjonen Radio Lindin når 90% av befolkninga, og denne har vore til stor velsigning for dei truande i landet, og nokre har også kome til tru ved å lytta til denne stasjonen.
I Island har det aldri vore ei gjennomgripande åndeleg vekking. Enno er det djupe heidenske straumdrag i mellom folk.

Be om
  • vekking og rikt åndeleg liv i kyrkjelydane
  •  frelste prestar og forkynnarar
  • ei oppreist, modig, mogen og velutrusta kyrkje
  • ærlege politikarar og næringslivsleiarar
  • at folk skal bli fri frå gamle demoniske krefter
  •  suksess for Alphakursa

onsdag 17. juni 2015

Ungarn

A map of Hungary class=

Ungarn er ein rett gamal kulturnasjon mellom vest og aust-Europa. I mange hundre år utgjorde landet saman med Austerriket, som forresten også omfatta Spania og deler av Nederland, eit rike som kollapsa etter 1.verdskrigen i 1918.
Det bur knappe 10 millionar menneske i landet (folketalet er som elles i Europa synkande), og 90% referer seg til kristendomen. 282000 tilhøyrer protestantiske/evangeliske kyrkjer.  resten er romersk katolske. Når det gjeld den åndelege situasjonen, er den i stor grad prega av sekularisering, og det er strenge restriksjonar på offentleg forkynning og vitneteneste. Kyrkja sin påverknad på samfunnet er heller liten. Kyrkjelydane er marginaliserte, og apati og verdslegdom pregar dei truande. Folk flest står langt frå evangeliet, og dei søker svar på livsspørsmåla i det å eiga ting, verdslege fornøyelsar, alkohol, og falsk religion som mystisisme, okkultisme, hekseri, oldgamal shamanisme, tibetansk buddhisme eller ein variert miks av dei ulike retningane.
Dei siste åra har det vakse fram ein skremmande fascistisk rørsle i Ungarn som femner så mange som 40% av befolkninga. Det er statsminister  Viktor Orbán og partiet hans Fidesz som står for denne politikken som er i ferd med å knebla all opposisjon med grunnlovsfesta innskrenking av pressefridom. Landet har ikkje lenger pressefridom, uavhengig sentralbank eller uavhengige domstolar.
Kyrkja har ingen politisk, etisk eller sosial påverkningskraft, og har heller ingen betydning i høve til næringsliv, kultur eller økonomi. Likevel har kristne visjonar for landet sitt, og karismatiske katolikkar og evangeliske kristne har som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar. Denne rørsla er i si spede begynning.
Ungarn er eit nav for den teologiske utdanninga i Sentral-Europa. Fleire kristne universitet tilbyr teologisk utdanning til unge menneske.
Ungarn har ein jødisk minoritet på 90 000 menneske, og eit stort innslag av sigøynarar.
Opp til 30 000 ungarar er heimlause.  
Landet var under eit strengt kommunistisk/ateistisk regime frå den andre verdskrigen og fram til 1990. Eit opprør i 1955 vart brutalt slått ned av sovjetiske soldatar og tanks. Dette skapte ei stor ungarsk flyktningebølgje over Europa. Ungarn er eit rikt jordbruksland med enorme jorder, særleg i Vojvodina, det store slettelandet skapt av Donau.
Hovudstad er Budapest med 1,7 millionar innbyggjarar.

Bøn: 
Gode Gud! Me ber om ein ny dag for kyrkja i Ungarn og for det ungarske folket, ein dag der Jesus får skina som ei sol for alle som bur i landet. Må din kjærleik i Jesus Kristus blåsa som ein varm vind over ungararane til åndeleg liv for dei. Vekk folket opp for evige verdiar, og skap i dei ein hunger og tørst etter deg, vår Gud. Gje dei truande einskap, set mot i dei og hjelp dei å seia nei til verdslege lyster og følgja Jesus villig og med glede. Fyll dine barn med Anden slik at dei forkynner og vitnar om Jesus med kraft, iver og overtyding. Må det bli planta nye kyrkjelydar i byar og landsbyar, kyrkjelydar som forkynner evangeliet for dei fortapte og reproduserer seg sjølve. Me ber om at all heidensk utvikling i folkeliv og politikk skal gå til grunne under di hand, og at landet i eitt og alt skal bera preg av at du er Ungarns Gud.  Gje landet gode og kloke leiarar som har forstand til å søka hjelp hos deg i stort og smått. Me ber også om at jødane, sigøynarane og andre minoritetar i landet skal bli fanga av din kjærleik og kristna i hjarte og sinn. Må vald, korrupsjon og alle former for uærlegdom bli borte. Velsign ungararane økonomisk og vern landet mot store katastrofar, i Jesu namn. Amen!

Foodo i Benin

Foodofolket stammar frå Ghana, og emigrerte til Semereregionen i Benin for 300 år sidan. Dette er ein venleg og fredeleg folk som dyrkar jorda og er stolte over historia og kulturarven sin. Dei snakkar sitt eige språk, og legg stor vinn på å ta vare på dette. Deler av Bibelen føreligg på foodo. Dei tel 40 000 menneske, og alle er sunnimuslimar. Det er høg analfabetisme mellom dei, og evangeliet må helst koma til dei i munnleg form.

Herre Jesus, verdas frelsar og Herre! Må foodofolket oppleva å bli bada i ditt lys slik at dei ser seg som fortapte syndarar som ikkje kan frelsa seg sjølv. Må betydningen av din kross og ditt offer bli tydeleg for dei, slik at dei kan tru på deg og oppleva full forløysning for syndene sine og fridom frå dødens og djevlens store makt. Motiver dei til å læra seg lesekunsten slik at dei kan lesa Bibelen på sitt eige språk. Må det veksa fram ei sterk foodokyrkje som kan vera til frelse og lækjedom for heile folket. Amen! 

 

Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...