Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 30. mars 2015
Mrufolket i Bangladesh
Me finn dette folket i grenseområdet der India, Bangladesh og Myanmar møtest. Dette er eit buddhistisk folk som i Bangladesh tel 32000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk, som også er kalla mru. Det nye testamentet er tilgjengeleg påp mru i tekst og lyd, samt Jesusfilmen. Mru er eit isolert folk. Det er mange restriksjonar på ferdsel i det ekstremt kjenslevare området dei bur i. Dei er svært fattige og har eit lågt utdanningsnivå, noko som hindrar dei i å utnytta dei rike naturressursane i området sitt. Analfabetismen er høg, og evangeliet treng å koma til dei i munnleg form. Trass i at dei er buddhistar, dyrkar dei mange gudar, inkludert høgguden Torai som etter deira oppfatning har bestemt at dei skal leva i fattidom og små kår. Dei er fanga i ei destruktiv lagnadstru.
Herre Jesus! Me ber om frelse for mrufolket i India. Send dine tenarar for å leita dei opp, lære språket deira og dela evangeliet med dei på ein spennande og fengande måte. Løft dei ut av synda, fattigdomen og passiviteten, og løys dei frå alle vrangførestellingar som religionen har lenka dei fast til, og gje dei ein sterk interesse for å læra seg lesekunsten, og gje dei leiarar som oppmuntrar til dette, og som går inn for å etablerer skular på alle nivå. Grunnlegg så ei sterk og ekspanderande mrukyrkje som kan utprega seg med godleik, reinleik, og himmelsk kraft. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar