mandag 22. april 2019

Dagens unådde. Khmerfolket i Kambodsja

Folketal: 14 231000. Religion: Budhisme. Språk: Khmer. Bibelen: Tilgjengeleg i alle format. 

På 1200-talet var Khmerfolket dominerande i heile Søraust Asia, men vart etterkvart overvunne av thaifolket og vietnamesarane og pressa attende til det som i dag er Kambodsja. Angkor Watt-templet er eit minne frå denne svunne stordomstida. Frå 1976-79 vart to millionar Khmerfolk drepne av Raude Khmer med Pol Pot i spissen. Han ville laga ein fullkomen kommunistisk stat, og enda opp med eit blodbad som berre kan samaliknast med Holocaust. Det vil ta generasjonar før såra etter denne tragedien har grodd, og minnet vil alltid liggja der som ein vond skugge. 

Mange plassar veks Khmerkyrkjer fram i dag. Jesus Kristus er på farten. Men prosenten truande er langt under 2, og dermed blir dei rekna som unådde. 

Herre Jesus! Takk for alle i Khmerfolket som i denne tida kjem til tru på deg, og for alle nye kyrkjer som vert planta, og me ber om at elden skal brenna sterkt i dei truande, at dei skal vera fulle av kraft, tydelege i sitt vitnemål og villige til å ta dei offer som er naudsynte for å nå heile folket sitt med evangeliet. 




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...