Uttarakhand vart eigen stat i år 2000, og har vel 10 millionar innbyggjarar. Berre 35000 (0,35%) av dei er kristne, dei fleste metodistar. Uttarakhand er med sine mektige gudefjell eit pilgrimsmål for mange, mange hinduar. I byen Rishikesh finn me yogasenteret som The Beatles besøkte i 1968, noko som verkeleg for alvor kom til å introdusera og implementera austleg religion og filosofi i vesten.
Befolkninga i Uttarkhand tilhøyrer høgare kastar. Dei har gjerne god utdanning, og må disippelgjerast på ein annan måte enn t.d. dalitane, dei kastelause som i stor grad er analfabetar.
85% av befolkninga er hinduar. Det er mykje animisme blanda inn i trua til folk, og dei fleste driv med eitt eller anna okkult.
Gode Gud og Far! Me ber om at du skal styrkja kyrkja di i Uttarakhand og utrusta henne til å bli eit kraftfullt vitne om Jesu frelse, hans død og oppstode. Må hinduane forstå at avgudsdyrkinga fører dei til evig fortaping og død, slik at dei vender om til deg av hjarta og blir dine barn av nåde. Gje kyrkja di kompetanse til å kommunisera evangeliet til folk på ein måte som gjer at dei grip det og blir forløyst frå syndene sine ved det. Må under og teikn følgja dei som trur når dei vitnar og forkynner. Bryt den makta dei vonde åndene har over folks liv, og reins menneska for ei himmelsk framtid. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens unådde folkelag: Runga i Den sentralafrikanske republikk
Rungafolket i Den sentralafrikanske republikk tel 30000 menneske. Dei er muslimar, og lever av å dyrka jorda. Rungafolket har sitt eige sp...
-
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land. Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg. Folketal: 17 600 000. Befolkni...
-
Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk reg...
-
Innbyggjartal: 26 260 000 fordelt på 108 folkegrupper som snakkar 93 språk. Fransk koloni til 1960, og fransk er administrasjons...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar