Viser innlegg med etiketten innvandring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten innvandring. Vis alle innlegg

søndag 12. november 2017

Sverige

Image result for sweden

Areal: 449 924 km2. Folketal: 9,5 mill. Hovudstad: Stockholm med 1,3 mill innbyggjarar.
87,5 er skandinavar , 3,1% er finsk-urgisk, 2,6% slaviske
84,7% bur i byar, gjennomsnittleg levealder er 80 år,.
Språk: Svensk. Totalt blir det snakka 30 språk. Heile Bibelen er omsett til 4 språk, 2 til NT, 5 har porsjonar og 4 er under omsetting.

Sverige er eit velutvikla land med god økonomi, høgt utdanningsnivå og variert næringsliv.
Styresett: Kongedøme med representativt demokrati.

Landet har ein lang og ærerik historie, og har gjennom tidene vore ei stormakt i Europa. Det var Gustav II Adolf som på 1600-talet berga protestantane frå fullstendig nederlag i 30-årskrigen (1618-48). Det innleidde ei stordomstid for landet. I 1658  styrte Sverige over deler av Polen,  heile Baltikum, heile Finland og store deler av Midt Noreg.

At Sverige har vore eit svært rikt land ser me av alle slotta i sør. Dei fortel om ei tid med ein sterk adel.

Full religionsfridom. Luthersk statskyrkje fram til år 2000.
Landet har gjennom mange år vore inne i ein alvorleg avkristningsprosess.
57,2% er kristne. 38,4% er heilt ikkje-religiøse
3,6% er muslimar. Tala er frå 2010.

Dei siste åra har innvandringa vore stor til Sverige, og i Malmø og Stockholm har det vore store problemer med integreringa, og andre generasjons innvandrarungdom har organisert seg i kriminelle gjengar som har påført politiet nær sagt uhandterlege utfordringar.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse ungdomane, at kristne skal involvera seg i liva deira, forstå kulturen, vinna innvandrarane sin tillit og vinna dei for Jesus..

Parallelt med denne utviklinga har Det svenske folkepartiet på ytterste høgre fløy vakse fram og fått vind i segla, og i dag marsjerer nazistiske grupper i gatene med krav om å stenga grensene for menneske frå Asia og Afrika.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse menneska og løysa opp gruppene dei tilhøyrer. Og be om at Gud skal utrusta kristne til å konfrontera dei og syna dei den gode veg og Guds plan for liva deira. 

Det har vore auka einskap mellom dei evangeliske dei siste åra. Dette blir synleggjort gjennom Jesusmarsjen gjennom Stockholm kvar pinse. Denne samlar 20 000 menneske.

Det er grunn til å takka Gud for dette.

Sverige har ein rik åndeleg arv. Den rosenianske vekkinga på 1800-talet var massiv. Be om at det skal bli nytt liv i gamle røter, og at Jesus skal stå fram for det svenske folket som den eine sanne Gud.


Be om at dei kristne i landet skal leva som heilhjarta disiplar av Jesus, og ha Guds ord som einaste autoritet for liv og lære.

Be om at kyrkjelydane skal vera prega av Guds kjærleik og kraft, og at forkynnarane trufast skal forkynna Ordet i tide og utide.

Be om at Gud skal reisa opp nye åndelege leiarar med hjarto fulle av kjærleik, og med kraftfulle nådegåver til å forkynna Guds ord og til å formidla Guds nærvær.

Folk flest har eit sekulært syn på livet. Be om at dette skal snu, og at Gud skal bli ein naturleg del av kvardagen  til det svenske folket.

Sverige har gått i front når det gjeld å opponera mot Guds bod på samlivsområdet, og det er mange abortar kvart år.  Knapt noko land har så sterk feministrørsle som Sverige. Denne bestemmer i stor grad standarden for korleis folk skal tenkja. Bibelens verdiar blir kritisert og uglesett. Be om at landet skal bli bada i Guds lys, og at folk skal sørga over syndene sine og anerkjenna Guds overherredøme.







søndag 8. mai 2016

Danmark


Danmark har eit areal på 43092 kv.km. Det bur 5,5 millionar menneske i landet, 92% danskar naturlegvis. Næring: Fiskeri og jordbruk. Noko lettindustri. Stor servicenæring.  Styresett: Demokrati og parlamentarisme. Kongedøme. Det er full religionsfridom i Danmark, men den lutherske kyrkja blir rekna som nasjonal og er finansiert av staten. 4,4 millionar personar tilhøyrer denne kyrkja. 193 000 er rekna for evangeliske "fødd på ny"- kristne. Desse opplever ein svak framgang.
Danskar blir rekna for å vera verdas lukkelegaste folk, utan sjølv å vera klar over det. Dei er venlege og gjestfrie.
Tradisjonelt har landet hatt verdas mest liberale innvandringspolitikk, men etter karikaturstriden i 2006,  har dette snudd. No har Danmark Europas strengaste innvandringspolitikk, kanskje unnateke Noreg.
4% av befolkninga er muslimske innvandrarar. Desse tek imot 40% av all sosialhjelp som vert utbetalt i landet.

  • Det er mogeleg å registrera ein aukande openheit for Gud i Danmark no. 33% trur det finst ein personleg Gud, og det er fleire enn før. Nye kyrkjer blir planta, nye tenester blir grunnlagt og einskapen mellom truande menneske er aukande. Det skulle gje grunn til takk.
  • Takk også for dronning Margrethe som står fram med ei krystallklår kristen vedkjenning. Det er ei enorm velsigning for landet, og ein stor ressurs med tanke på framtida for Guds rike i Danmark. Be om at dronninga må kjenna seg løfta og styrkt av Anden, og at trua hennar blir eit eksempel for folket hennar. 
  • Be om at Guds gode lys skal fløyma over Danmark, at danskane skal gjenoppdaga Gud og sanninga i Bibelen. 
  • Be om at Den heilage andens friske vind skal blåsa gjennom den danske folkekyrkja.
  • Be om at kyrkja skal bli reinsa frå liberal teologi, fylt med tillit til Bibelen og fokusert på disippelskap og misjon. 
  • Be om at Gud kallar unge kristne til å bli pastorar. Det er stor mangel på slike.
  • New Age har hatt stor framgang i Danmark, og mange treng å bli fri frå djevelens religiøse åndsmakter. Be om at så skal skje. 
  • Be om at dei mange kristne immigrantane skal bli integrert i levande kyrkjelydar
  • Be om at ikkje-kristne immigrantar skal bli nådd med evangeliet og frelst inn i Guds rike.



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...