Portugal har ei utstrekning på 92 389 km2. Folketalet er på 10,7 millionar. Dei fleste er katolikkar. Mange sekulariserte og nominelle, særleg i sør. 2% protestantar. 2,7% anglikanarar. Over 5% ortodokse.
Hovudstad: Lisboa
1,8 millionar portugisarar jobbar i andre land
Portugal vart eit uavhengig kongedøme i 1143. Republikk i 1910. Parlamentarisk demokrati i 1974. Meldem av EU i 1986.
Finanskrisa i 2008 slo hardt inn i den portugisiske økonomien. EU måtte inn med redningspakke. Portugisarane bretta opp armane og kom seg heilskinna ut på andre sida av tunnelen i 2014.
Portugal er eit land fullt av historie med ufatteleg vakre bygningar og minnesmerke.
Portugisarane var dei første europeiske oppdagingsreisande til havs. Mest berømte er Henrik Sjøfararen (d.1460), Bartolomeus Diaz og Vasco Da Gama. Christoffer Columbus budde også lang tid i Portugal, men det var spanskekongen som finansierte den store oppdagingsreisa hans vestover.
Historisk har Portugal vore ei stor kolonimakt i Afrika (Mosambique og Angola) og Sør-Amerika (Brasil).
Brasil vart sjølvstendig i 1822, dei afrikanske så seint som i 1975, etter lange krigar som kom til å utarma også "moderlandet".
I Portugal er 21% av arbeidsstyrken sysselsett i industri, 2,4% i jordbruk og over 75% i tenesteytande næringar. Landet har ein sårnbar økonomi.
Narkotikamisbruket er aukande. 50% av dei unge i landet har prøvd slike rusmidlar.
Prostitusjon er også eit veksande problem. Fattigdomen er omfattande.
Dei evangelisk kristne har hatt god vekst relativt sett dei siste åra, dei har satsa hardt på kyrkjeplanting, men dei er ganske splitta og ofte i tottane på kvarandre. Denne ukulturen er spesielt vanleg mellom dei pentakostale kristne.
Mange av dei nye kyrkjene er huskyrkjer. Dette er ei hindring for mange portugisarar som helst ynskjer seg eit meir offentleg tilbod med ein viss struktur i.
Det er mange utanlandske misjonærar i Portugal i dag.
Be om:
- at landet skal bli bada i Guds lys
- at det skal renna ei elv av vekkjing gjennom landet
- at den katolske kyrkja vert velsigna med tenarar som kjenner Guds ord, forkynner det med innsikt og kraft og som lever reine liv i samsvar med evangeliet.
- einskap mellom dei evangelisk kristne
- at dei truande skal bli fylte av Anden, studera Guds ord med iver, vitna om Jesus for sine medmenneske, halda tett saman og leva disippellivet.
- at dei utanlandske misjonærane skal lukkast i sitt arbeid i landet
- at Bibelen skal bli distribuert til og lesen av folket.
- om fleire fulltidsarbeidarar i kyrkjelydane
- at landet skal erfara økonomisk velsigning og oppgang
- at det skal vera nok arbeid til folk
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar