mandag 2. oktober 2017

Peru




Peru ligg like sør for ekvator, langs nordvestkysten av Sør-Amerika med kystlinje mot Stillehavet. Landet har eit flatemål på  1285216 km2, som er 4 gonger så stort som Noreg.
Folk flest bur langs kysten der dei driv fiske, handel og industri.  Værlaget her er tørt og fint. Lenger mot aust, vest for dei mektige Andesfjella,  ligg eit høgdeplatå. Der vert det drive jordbruk. Aust for Andesfjella er det tropsik regnskog. Der finn me kjeldene til den mektige Amasonfloden som renn gjennom heile Brasil, verdas mest vassførande elv. Størstedelen av Perus areal er å finna her.

Hovudstad: Lima

Peru er heimlandet til den vidgjetne inkakulturen. Denne vart knust av spanske concistadorar i 1533. Landet vart sjølvstendig i 1821. Etter mange år med militærdiktatur, vart landet demokratisk i 1980.
15 år med borgarkrig på 80 og 90-talet utarma landet, og det vil enno ta lang tid å byggja opp all øydelagt infrastruktur.  Over 70 000 vart drepne  i denne perioden, nesten 800 evangeliske pastorar leid martyrdøden.
Etter mange år med økonomisk nedgang, nyt dei no betre tider. Pilene peikar oppover, og folks levestandard betrar seg. Likevel lever store deler (40-50%) av befolkninga under fattigdomsgrensa. Korrupsjonen er plagsam stor også i dette landet, og militærutgiftene formidable.

Peruanarane lever av fiske, gruvedrift, jordbruk og turisme. Bøndene dyrkar gjerne kaffi, men mange stader er det kokainproduksjon dei satsar på. Gruveselskapa har drive grov undertrykking av folk og utarming av fols levekår.

Landet har 31 millionar innbyggjarar, og befolkninga er etnisk sett svært blanda. 50% er indianarar (flest Quechuar), nesten 32% er mestisar og 13,5% kvite.

Peru er eit katolsk land. Men den katolske kyrkja er i djup krise. Dei taper mange medlemmer til dei evangeliske kyrkjene, og elles er medlemsmassen splitta mellom liberalistar og tradisjonalister, og det er mykje religionsblanding.  25% ser på seg sjølve som kristne samstundes dei praktiserer gamle heidenske skikkar.

Over 10% av befolkninga er evangelisk kristne. I 1960 var denne prosenten berre 1 (78000).  Offisielt er det 3,4 millionar evangeliske der no, men kanskje er talet så høgt som 4 millionar.

Evangeliet har slått djupe røter mellom indianarane i dei enorme regnskogområda, og SIL/Wycliffe er tungt inne med bibeloversettingsprosjekt.  Men problema dei står overfor er store: Oljeselskap og andre kapitalistiske næringsinteresser er i ferd med å overta sotre områder og slik øydeleggja livsgrunnlaget for urbefolkninga.

  •  Det er grunn til å takka Gud for den veksten me har sett mellom dei evangelisk kristne. Men etter freden, er veksten  kraftig dempa. Be om at Den heilage ande må tenna elden på nytt hos dei truande, føra dei djupare inn i Guds ord, fostra dei til dedikerte disiplar, utrusta dei med himmelske gåver og senda dei ut for å dela evangeliet med dei unådde. 
  • Be om at kyrkjene skal finna og fostra nye leiarar som kan undervisa i Guds ord og inspirera folk til misjonale liv.
  • Takk også for den store vekkjinga blandt indianarane i landet. Det skuldast i stor grad at Wycliffe bibeloversetjarar gjennom dei siste tiåra han oversett Bibelen til mange av dei indianske minoritetsspråka i landet, m.a. quechua og aymara.
  • Be om at folk flest må få tilgang til Bibelen på sitt eige språk, at urfolka må få møta den treeininge Gud som dei einaste sanne Gud og Far, og at dei må snu ryggen til tomme avgudar og gamle magiske ritual. Trass i betydelege åndelege gjennombrot, er millionar av dei er framleis bundne til heidenske skikkar, gudar og gudinner.
  • Be om rettferdige, måtehaldne, kloke og gudfryktige politiske leiarar. 
  • Be om rikdomen i landet skal bli rettferdig fordelt.
  • Be om at Gud stoppar gruveselskapa når dei vert griske, korttenkte og kriminelle.
  • Be om at bøndene stoppar produksjon av kokablad og brukar åkrane sine til å dyrka god og næringsrik mat.
  • Be om einskap mellom dei truande, og ein felles strategi for å nå heile Peru med evangeliet.
  • Be om eit ærleg oppgjer og full forsoning mellom Quechuaindianarane og dei spansktalande. Historien er hjarteskjærande. 
  • Be om at store regnskogområder må fredast for aktivitetar frå multinasjonale selskap, og bevarast som gode leveområder for den indianske urbefolkninga. 
  • Be om samhald i familiane, og at mennene i landet skal vera trufaste mot konene sine, vera edrue  og leva som ansvarlege rollemodellar for barna sine. 
  • Be om at kristne radiosendingar på mange språk skal få mange lydarar, og at Guds ord i eteren må skapa levande tru hos folk.


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...