torsdag 12. oktober 2017

12.-16. oktober: Russland

Areal: 17 098 242 km2, verdas suverent største i utstrekning.
Folketal: 142 257 519
Russlands historie er dramatisk og storslegen på alle måtar, anten me tenkjer politikk, kultur, religion eller økonomi.
Landet vart kristne rundt år 1000, og kristninga fall i stor grad saman med samlinga av riket, slik som også tilfelle var i Noreg, og den russisk ortodokse kyrkja er i dag mellom dei største kristne kyrkjene i verda. Russland har fostra forfattarar som Leo Tolstoj, Fjodor Dostojevskij , Aleksander Pusjkin og Boris Pasternak , komponistar som Pjotr Tchaikovskij, Rimski Korsakov, Sergej Rachmaninoff og Igor Stravinskij, for å nemna nokre få av alle dei som er heilt i verdsklasse.

Nokre av dei fremste matematikarar og vitskapsfolk  gjennom tidene har vore fostra i Russland.
Kosmonauten Jury Gagarin var første menneske i verdsrommet, og Russland er ei atommakt.

Russland har gjennom historia i hovudsak vore eit keisarrike. Den siste keisaren, Nikolai II, vart myrda av bolsjevikane saman med familien sin under den kommunistiske revolusjon i 1917, eit ulækjeleg  sår i den russiske nasjonens liv.

Kommunistane samla Russland og mange nabonasjonar i det som vart kalla Sovjetunionen. Under Josef Stalins skrekkvelde frå 1924-1953 døydde 20 millionar menneske i fangeleirar i Sibir, svært mange av dei var kristne.

Ingen land leid så store tap under 2.verdskrigen som Sovjetunionen. Denne vert kalla "Den store fedrelandskrigen". Det var det felttoget mot Sovjetunionen som i stor grad felte Nazi-Tyskland. Slaget om Stalingrad var eitt av dei heftigaste og mest bestialske i historia. Mange meiner at det var DER tyskarane tapte krigen.

Sovjetunionen var ei stormakt både militært og vitskapleg.

I 1989 gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og Russland vart skilt ut som eigen republikk. Den dag i dag lid landet under eit svært demokratisk underskot, og liknar meir og meir på eit diktatur eller mafiavelde. Mange opposisjonelle som trugar Putins makthegemoni er dei seinare åra blitt myrda.

Dei siste åra har landet rasla med sablane. I 2015 okkuperte dei Krimhalvøya frå Ukraina, og dei er djupt involvert i krigen i Dombasprovinsen, likeeins i Syria. Russland har også ein uløyst grensekonflikt med Georgia.

Økonomien er i stor grad olje og gassbasert, og president Vladimir Putin berikar seg i stor grad personleg på eksportinntektene. Men landet har også svære mineralressursar, ufatteleg med god  matjord og veldige skogar. All økonomisk vekst etter 1991 har kome  nokre få menneske til gode, dei såkalla oligarkane.  Næringslivet er hemma av epidemisk korrupsjon og bedrageri.
Det store fleirtalet av russarar lever imidlertid i fattigdom.

Dei siste åra har det vakse fram ei sterk rørsle med sterk rasistsik profil og nærast ein nasistisk ideologi. Desse gruppene dreg til seg unge menn med valdelege tendensar
 som dei trener opp i våpenbruk.  Hatet til jødar, muslimar og mørkhuda menneske set djupt i desse folka.

Russarane er lite produktive. Infrastrukturen er prega av elde, fødselstala er låge og gjennomsnittsalderen høg.

Russarar er drikkfeldige, og rusproblema formidable. Russiske kvinner ligg uvanleg høgt oppe på abortstatistikken. Landet har også den høgaste førekomsten av HIV/AIDS.

Under kommunismen var Bibelen ei forboden bok. Kyrkjene vart konfiskerte og brukte til ulike sekulære føremål. Kristne frå alle kyrkjesamfunn vart forfølgde på det grovaste. Men ikkje så få ortodokse prestar var overløparar og samarbeidde med kommunistregimet.

Etter kommunismens fall har den ortodokse kyrkja fått den gamle posisjonen sin som nasjonalsymbol attende. Det gjeld også mange av dei gamle privilegia. For mange er det å vera russisk det same som å vera ortodoks.

1,24% av befolkninga er protestantar.
12,5% er muslimar

Enno er det mange muslimske folkegrupper i Kaukasusområdet som ikkje har Bibelen tilgjengeleg på sine språk. Slaviska misjonen i Sverige driv  eit omfattande omsettingsarbeid i våre dagar for å avhjelpa denne nauda. Kaukasusspråka er uvanleg kompliserte, så dette er tidkrevjande.

Mange av dei muslimske folkeslaga opplever seg okkuperte av Russland. Når kristendomen vert oppfatta som okkupanten sin religion, seier det seg sjølv at kristen misjon vert vanskeleggjort i desse områda.



Be om:
  • at Gud skal tilgodesjå Russland med åndelege leiarar med eit så stort format at folk berre MÅ lytta til dei. 
  • at landet ein dag skal finna seg bada i Guds mektige lys
  • at det skal plantast nye levande  kyrkjelydar over heile landet
  • at russiske kristne skal leva som sanne disiplar av Jesus Kristus, og leva sigrande kristenliv
  • at russiske kristne skal bli grepne av ein visjon for å bringa evangeliet til kvar einaste landsby i landet der Jesus Kristus ikkje er kjent som Herre og frelsar.  
  • at Den russisk ortodokse kyrkja må slutta å forfølga kristne frå andre konfesjonar, og i staden læra seg å akseptera, elska og samarbeida med desse. 
  • høg kvalitet på dei teologiske utdanningsinstitusjonane i landet
  • at nasjonen skal atterfødast religiøst, kulturelt og politisk
  • at russiske menn skal reisa seg som trufaste, varme, ærlege og gode ektemenn og fedre
  • at dei skal ta eit oppgjer med alkoholen og leva edruelege liv
  • at dei skal ta eit oppgjer med uansvarleg seksuell åtferd og halda seg kun til ektefellene sine
  • at landet skal få politiske leiarar med god forstand og rettferdig sinnelag. 
  • at landet skal halda fred med naboane sine
  • at det skal vera fred mellom russarar og dei mange minoritetsfolka i landet
  • at alle minoritetsfolk skal få Bibelen på sine eigne språk
  • at muslimane i landet skal få møta Jesus og bli forvandla av hans ånd
  • at Bibelen skal bli distribuert over heile landet og lesen og forstått av store og små, fattige og rike. 
  • at Gud skal overvaka dei rasistiske gruppene og senda ut mektige englar som set strenge grenser for aktivitetane deira. 
  • at muslimane må læra seg å forstå forskjellen mellom russiske nasjoanlisme og bibelsk kristendom


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...