Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Folketal: Vel 32 millionar fordelt på 62 folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Hovudstad: Maputo.
46% er kristne (dei fleste katolske). 11% er evangeliske. Resten er animistar og muslimar.
Etter at borgarkrigen enda i 1992 har landet utvikla seg i demokratisk retning. Evangeliet går fram med stormskritt, og dagleg blir det planta mange nye kyrkjelydar. Vekkinga i Mosambik vert driven fram av intens forkynning, stort hjelpearbeid og mange mirakler som skjer i Jesu namn.
Be om at fridomen må vara ved, og at heile landet må bli disippelgjort.
Når så mange kjem til tru kvar einaste dag som tilfelle er i Mosambik, er det eit desperat behov for gode kristne leiarar. Det er naturlegvis ei stor mangelvare.
Be om at alle nye kristne må bli godt grunnfesta og forsvarleg disippelgjort.
Be om at Gud må utrusta hyrdar som kan undervisa kyrkjelydane i Guds ord, og som kan vera gode leiarar for flokkane.
Be om at alt det gode arbeidet som vert gjort gjennom Trans World Radio også skal bera rik frukt.
Du kan lesa meir om alt dette på https://operationworld.org/prayer-calendar/09-07/#tab-more-1
Portugal har ei utstrekning på 92 389 km2. Folketalet er på 10,7 millionar. Dei fleste er katolikkar. Mange sekulariserte og nominelle, særleg i sør. 2% protestantar. 2,7% anglikanarar. Over 5% ortodokse.
Hovudstad: Lisboa
1,8 millionar portugisarar jobbar i andre land
Portugal vart eit uavhengig kongedøme i 1143. Republikk i 1910. Parlamentarisk demokrati i 1974. Meldem av EU i 1986.
Finanskrisa i 2008 slo hardt inn i den portugisiske økonomien. EU måtte inn med redningspakke. Portugisarane bretta opp armane og kom seg heilskinna ut på andre sida av tunnelen i 2014.
Portugal er eit land fullt av historie med ufatteleg vakre bygningar og minnesmerke.
Portugisarane var dei første europeiske oppdagingsreisande til havs. Mest berømte er Henrik Sjøfararen (d.1460), Bartolomeus Diaz og Vasco Da Gama. Christoffer Columbus budde også lang tid i Portugal, men det var spanskekongen som finansierte den store oppdagingsreisa hans vestover.
Historisk har Portugal vore ei stor kolonimakt i Afrika (Mosambique og Angola) og Sør-Amerika (Brasil).
Brasil vart sjølvstendig i 1822, dei afrikanske så seint som i 1975, etter lange krigar som kom til å utarma også "moderlandet".
I Portugal er 21% av arbeidsstyrken sysselsett i industri, 2,4% i jordbruk og over 75% i tenesteytande næringar. Landet har ein sårnbar økonomi.
Narkotikamisbruket er aukande. 50% av dei unge i landet har prøvd slike rusmidlar.
Prostitusjon er også eit veksande problem. Fattigdomen er omfattande.
Dei evangelisk kristne har hatt god vekst relativt sett dei siste åra, dei har satsa hardt på kyrkjeplanting, men dei er ganske splitta og ofte i tottane på kvarandre. Denne ukulturen er spesielt vanleg mellom dei pentakostale kristne.
Mange av dei nye kyrkjene er huskyrkjer. Dette er ei hindring for mange portugisarar som helst ynskjer seg eit meir offentleg tilbod med ein viss struktur i.
Det er mange utanlandske misjonærar i Portugal i dag.
Be om:
at landet skal bli bada i Guds lys
at det skal renna ei elv av vekkjing gjennom landet
at den katolske kyrkja vert velsigna med tenarar som kjenner Guds ord, forkynner det med innsikt og kraft og som lever reine liv i samsvar med evangeliet.
einskap mellom dei evangelisk kristne
at dei truande skal bli fylte av Anden, studera Guds ord med iver, vitna om Jesus for sine medmenneske, halda tett saman og leva disippellivet.
at dei utanlandske misjonærane skal lukkast i sitt arbeid i landet
at Bibelen skal bli distribuert til og lesen av folket.
om fleire fulltidsarbeidarar i kyrkjelydane
at landet skal erfara økonomisk velsigning og oppgang
Portugal har ei utstrekning på 92389 kv.km, mindre enn tredjeparten av Noreg. Folketalet er på 10,7 millionar, men det minkar, slik som i mange andre europeiske land. Portugal var lenge eit fattig diktatur. Landet fekk eit demokratisk vald parlament i 1974. Vart medlem av EU i 1986. Fekk då ein kraftg økonomisk oppsving. Men i 2001 begynte ei ny nedgangstid. Landet er tungt råka av den økonomiske krisa i Europa.
Portugal er eit land med ein stor historie. Dei første store oppdagingsreisande kom frå Portugal med Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama i spissen. Sjølv har eg faktisk vore og sett på Henrik Sjøfararen si grav i det mektige dominikanerklosteret i Santa Maria da Vitoria i Batalha. Hans erobringar starta Portugals kolonisering av mange land i Afrika, Asia og Sør-Amerika.
Pga kolonitida er portugisisk eit språk som vert snakka i mange land som Brasil, Mosambik, Angola, Guinea Bisseau, Macao, Mombasa, Aust-Timor og deler av India. Altså står me her overfor eit av dei mest strategiske språka å kunna for dei som tenkjer seg ut i misjonsteneste.
Den katolske kyrkja har omtrent vore einerådande i Portugal i mange hundre år, men i dag er det full religionsfridom, og frå 1960 til 2010 vaks prosenten med evangeliske kristne i befolkninga frå 0,2 til 3%. Det er ein femtendobling. Grunnen til denne veksten kjem hovudsakleg av innsatsen til brasilianske misjonærar, og den sterkaste delen av veksten er mellom immigrantar. I dag er det ei kyrkjeplantingsrørsle i dei evangeliske kyrkjene. Størst er utfordringane i så måte i nord og nordaust. Der er den katolske dominansen stor.
Men alt er ikkje rosenraudt. Mange forsamlingar har opplevd smertefulle splittingar. Det ser ut til å vera ein epidemi i den evangeliske rørsla verda over.
Folk flest er i dag grepen av individualisme og trongen etter materiell velstand. Mange jobbar dag og natt for å halda hovudet over vatnet. Dette jaget har ført til eit massivt narkotikaproblem. 50% av Portugals unge har prøvd narkotikarus, og det er MANGE tungt avhengige menneske i landet.
Takk Gud for at hans rike er i ferd med å veksa fram i Portugal.
Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, basert på sanne oppgjer og forsoning.
Be om at visjonen om å planta nye kyrkjelydar i alle kommunar i landet skal lukkast
Be om at nye kristne skal bli disippelgjort og utrusta til å nå nye menneske med evangeliet.
Be om gode, varme, kloke og visjonære kristne leiarar.
Be om nytt liv i den katolske kyrkja i Portugal
Be om at Gud skal gjesta landet og bringa frelse og lækjedom til dei mange som ligg under for narkotika.
Be om at Portugal skal bli ei formidabel misjonsmakt, slik som landet i si tid var ei mektig kolonimakt.