tirsdag 3. oktober 2017

Filippinane

Filippinane er eit øyrike med over 104 millionar menneske. Dei bur tett på eit område mindre enn Noreg (300 000 km2). Landet har åtte provinsar og 7250 øyar. 700 av dei er bebudde. Dei fleste er fordelte på 11 øyar. Meir enn 75% er fjell, og landet er sterkt eksponert for øydeleggjande tyfonar.

Hovudstad er Manilla.

98,1 % av befolkninga er filippinarar. 1,7% kinesarar. 0,2% andre.

Offisielt språk er filippino og engels. Totalt vert det snakka 181 språk i landet. 17 har heile Bibelen, 68 NT. 90 med deler av Bibelen. Det er i tillegg oversettingsprosess i gong i 54 språk (2010).

Økonomi:
Folk lever av jordbruk og industri. Høg folketilvekst, omfattande korrupsjon, proteksjonisme, sosial og politisk uro og ein serie med naturkatastrofar har verka øydeleggjande inn på økonomien, skapt stor fattigdomn og arbeidsløysa. Det er eit enormt gap mellom fattig og rik på Filippinane. Ineffektive regjeringar, høgt kriminalitetsnivå og manglande utanlandske investeringar har hindra framgang, men sidane 20111 har den gjennomsnittleg økonomiske veksten vore på 6,1%, ein vekst som har kome dei rike til gode.  Filippinarar jobbar i stor utstrekning i andre land (10 millionar), og desse sender pengar attende til heimlandet, noko som i mange tilfelle er avgjerande for hushaldningane.  Elles vert det produser tog eksportert  ein del elektronikk, og landet tener ein del på turisme og handel. Mellom 20 og 30% lever under fattigdomsgrensa.
Landet har enorme uutnytta naturressursar.

Politikk
Spansk  koloni frå 1565 til 1898. USA styrde landet frå den tid til landet fekk sjølvstende i 1946. Det vart då innført militære unntakslover for å hindra kommunistane å koma til makta. I 1971 gjorde general Marcos landet til eit diktatur, og etter å ha berika seg sjølv og familien sin utover alle grenser, vart han felt i 1986 etter ein massiv folkeoppstand. Estrada si regjering fekk ein liknande lagnad i 2001. Landet har dei siste åra hatt stabile regjeringar. I 2016 vart DUERTE valt til president. Han er ei ulukke for landet, og ein av dei mange politiske klovnane som pregar nyheitsbilete negativt i vår tid. Han er ekstremt stor i munnen, tek lova i eigne hender og har etter at han kom til makta sørga for å "avretta" meir enn 3000 narkomane. Landet har i mange år vore ille plaga av marxistiske og muslimske geriljagrupper. 

Religion
Landet er i hovudsak katolsk. Over 12,3 % er evangelisk kristne. Den årlege tilveksten for desse er på 3,1%. Den karismatiske vekkinga har hatt stor innflytelse på kyrkjene i landet, også på den katolske.
Kyrkjene veks langt fortare enn befolkninga. På 80-talet vart det planta mange nye kyrkjer, mindre no, men folk samlar seg gjerne i svære megakyrkjer. Det synest dei er stas.
Det er aukande einskap mellom dei evangeliske kyrkjene, og dei har etablert nettverk som samarbeider om å evangelisera og disippelgjera landet.
Det er grunn til å be om at denne prosessen held fram og styrkjer seg.

Filippinske kyrkjer sender ut misjonærar til land i heile verda gjennom PMA, Philippine Mission Agency. Dei støtta i 2010 3000 misjonærar i andre land og kulturar. Men viktigare er likevel den innsatsen som PMA gjer for å trena opp kristne som reiser til land som gjerne er lukka for kristen misjon (t.d. Saudi Arabia og andre golfstatar) for å jobba som "teltmakarar". I 2010 var det 500 000 slike misjonærar i funksjon. Be om Gud om å verna desse vitnene og gje dei visdom i måten dei går fram på i misjonsarbeidet sitt.

Andre bøneenmne
  • Be om politiske leiarar med rettsinn, gudsfrykt og moralsk integritet,  usjølviske, ærlege, ukorrupte og kloke kvinner og menn som tener folket og ikkje sin eigen karriere eller si eiga lommebok. Det er ein skandale at Asias mest kristne nasjon er den fjerde mest korrupte.
  • Be om at mange levande kristne engasjerer seg politisk slik at dei kan prega dei styrande institusjonane med ei kristen ånd og med kristne lovar og verdiar. 
  • Be om at landet må få ein ny fordelingspolitikk. 
  • Be om at det må bli jamnt slutt på korrupsjon, nepotisme, kameraderi og utsuging. Grådigheten mellom dei rike er endemisk. Be om at evangeliet skal bora seg inn i denne delen av befolkninga og forvandla dei til samfunnsansvarlege kvinner og menn som investerer rikdomen som i infrastruktur og arbeidsplassar til glede for vanlege folk. 
  • Landet er plaga av piratar som kaprar skip og kidnappar folk. Be Gud om å setja ein effektiv stoppar for denne kriminaliteten. 
  • Det trengst verkeleg ein stor jordreform på Filippinane. I dag er det godseigarar som eig jorda, og bøndene er leilendingar.  Be om at føydalismen skal ta slutt, og at bøndene kan bli sjølveigande. 
  • Be om at det vert gjort effektive tiltak for å verna befolkninga mot skadar i samband med tyfonar som trugar liv og ruinerer hus og eigedom.
  • Be om fred i alle regionar, og at marxistisk og muslimsk gerilja  legg ned våpna sine. 
  • Be om at den katolske kyrkja blir gjennomsyra av evangeliet, og at katolske kristne skal bli løyste frå gamle gudar og heidenske ritualer som dei praktiserer. Her er det mykje synkretisme og høg demonisk aktivitet. 
  • Det er mange nominelle kristne på Filippinane. Be om at desse må møte Jesus, få sanna syndene sine og bli fødde på nytt ved Den heilage ande, disippelgjort og utrusta til teneste.
  • Mange kristne les lite i Bibelen og desse vert gjerne fanga inn av nyreligiøs åndelegheit. Be om at sanninga må sigra over løgna, lyset over mørkret. 
  • Splittelse er vanleg i protestantiske kyrkjer. Be om at dei truande skal bli så inntekne av Kristi kjærleik at dette ikkje skjer. 
  • Be om at erfarne kristne stiller opp som mentorar for nye kristne slik at desse kan bli forsvarleg disippelgjort. Dette skjer i altfor liten grad. 
  • Be om at Gud reiser opp kristne kvinner og menn som tek leiaransvar i forsamlingane. Det trengst mange nye apostlar, evangelistar, profetar, hyrdar og lærarar. 









Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...