søndag 8. oktober 2017

Puerto Rico

Puerto Rico ligg vest for Haiti. Øya var spansk koloni i 400 år før ho vart overført til USA etter ein krig i 1898. Både spansk og engelsk er offisielle språk. Puerto Rico har ei eiga regjering, men står likevel under presidenten i USA. Landet kan altså ikkje ha eigen utanrikspolitikk.
Det bur vel 4 millionar menneske i dette øyriket. Nesten like mange (over 3 mill) puertorikanarar finn me på det amerikanske fastlandet. Flest i New York.

Hovudstad: San Juan

Puerto Rico er det fattigaste området under Sambandsstatane. Arbeidsløysa er på 12-13%,  og utdanningsnivået lågt. Over halvparten av elevane droppar ut av vidaregåande skule. Trass i at 97% er kristne og trass i at dei evangeliske kyrkjesamfunna går fram med rekordfart, er narkotikamisbruket skyhøgt og kriminaliteten endemisk. Mange, mange barn veks opp utan kontakt med far,  og store deler av befolkninga er avhengig av matvarehjelp utanfrå. 61% av dei fattige er kvinner med åleineansvar for barn.

Kristendomen går fram, men det ser ikkje ut til at Guds ord får slå djupe nok røter i folk at det skaper reelle endringar i liva deira. Her er det trong for vekkjing i vekkjinga. Her trengst det å få dei truande inn i bibelsk disippelskapstenkning og praksis.

På plussida kan eg nemna at det har vakse fram ein sterk misjonsvisjon i kyrkjene på Puerto Rico, og dei sender folk i oppdrag m.a. til Spania.

Landet er berre vel 9000 km2 i utstrekning, så her bur folk tett, over 400 per km2.
Naturtilhøva er skrinne med tanke på jordbruk. Berre rundt 6% av arealet er dyrkbart. Det er også få andre naturressursar. Likevel er det mykje industri, noko som kjem av at bedriftsleiarar i USA har funne det lønsamt å flytta verksemder til øya. Folk lever av turisme, industri (50%) og tenesteytande næringar  (49%). Over 97% av befolkninga bur i byane.

Puerto Rico har dette året, som mange år elles, vore råka av mektige orkanar som har lagt store deler av dei skrøpelege husa i ruinar.

Be om
  • landet skal få bygd opp hus og infrastruktur etter dei siste øydeleggjingane, og at det som no blir sett opp er solid nok til å tola orkanane som garantert kjem. 
  • at menn skal læra seg å ta ansvar for konene og barna sine
  • at ekteskapet skal bli den einaste normale samlivsform
  • at Anden skal rennast ut over heile landet og brenna bort alt der som ikkje er av Gud
  • at Guds ord skal slå djupe røter i folk og føra til reell endring av livsførsel
  • at unge menneske skal sjå verdien av å skaffa seg skikkeleg utdanning
  • at landet skal bli rusfritt
  • at leiarane i landet skal vera kloke, gudfryktige og ærlege
  • at den bibelske disippelskapstanken skal bli styrande for kyrkjelydslivet
  • at vaksne kristne reiser seg og tek ansvar for å disippelgjera barn og unge
  • framgang for det kristne studentarbeidet



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...