søndag 1. oktober 2017

Paraguay

Paraguay ligg i Sør-Amerika , klemt inne mellom Brasil, Argentina og Bolivia. Det har ei utstrekning på 406 752 km2. Paraguayelva deler landet i to. Aust for elva er landet græderikt og velutvikla, medan landet i vest er tynt befolka og meir karrig.

Historie: Fri frå Spania i 1811. Parlamentarisk demokrati frå 1989.

Folketal: 7 millionar.
Landet har mykje vasskraft og billig arbeidskraft, noko som har lokka brasilianske investorar til landet. Men pga ein endemisk korrupsjon vegrar utlendingar flest seg for å gå inn med kapital.
Elles lever folk i stor grad av jordbruk og uregistrert sal. Den svarte økonomien er omfattande. I 2008 vart Paraguay stygt råka av finanskrisa, men frå 2012 snudde økonomien frå nedgang til oppgang.

96% mestisar (blanding av indianarar og europearar). Resten er immigrantar frå ulike land.
Hovudstad: Asuncion
Religion: 96, 3% er kristne. Vel 6% evangeliske. Resten tilhøyrer den romersk katolske kyrkja.

Den romersk katolske kyrkja med sin kraftige Mariakultus, er dominant. Folk flest blandar saman kristendom med element frå gamle religionar som rådde grunnen før spanjolane kom og påtvang befolkninga den katolske trua, og mange tilber gamle gudar parallelt med at dei er katolske kristne.  Her er det veldige åndelege festningsverk som berre kan brytast i bøn. 
Paraguay har aldri opplevd åndeleg oppvakning og gjennombrot for Guds rike, og svært få paraguayanarar kjenner Jesus personleg. 

Dei evangeliske kristne er i hovudsak etterkomarar etter innvandrargrupper, og dei er svært introverte. Her møter me menonittar og lutheranarar som snakkar tysk, pinsevener som snakkar brasilianske og ukrainsk, baptistar som snakkar ukrainsk, og koreansktalande presbyterianarar. Desse har vore lite misjonale, men i den siste tida har menonittane involvert seg i misjon i Chacoområdet i vest, og koreanarane har også starta nokre misjonstiltak

  • Be om gjennomgripande Jesusvekkjing i dei evangeliske kyrkjene, og at dei truande vert sanne kristne, fylte av Anden og brennande  Kristusvitner. 
  • Be om at dei skal bevega seg ut i samfunnet, bryta grenser og forkynna evangeliet for vanlege folk.  
  • Be om at den romersk katolske kyrkja skal bli reinsa frå avgudsdyrking, okkultisme og sakramentalisme, og at prestane der må forkynna Guds ord på ein rein og kraftfull måte. 
  • Be om at dei truande må gå saman for å leggja opp ein felles strategi med tanke på å nå ut til heile landet med evangeliet om Jesus
  • Be om at alle må få tilgang til Bibelen på hjartespråket sitt
  • Be om at Gud reinsar landet frå korrupsjon, uærlegdom, rus, hor og vald.
  • Be om foreldre for foreldrelause
  • Be om  rettferd for dei fattige
  • Be om politikarar som er rettskafne, kloke og gudfryktige.





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...