66 000 menneske som snakkar Miao og bur i dei vestlege provinssane av Kina. Det er animistar, og kjem opphaveleg frå Assam, det nord-austre hjørnet av India. I følgje www.joshuaproject.net er 1,6% av dei kristne. Høg analfabetisme. Ingen deler av Bibelen er omsett til Miao-språket. Hmong Bua kom til Kina for 200 år sidan, og har gjennom åra utvikla sin eigen spesielle identitet. Nokre er vorten kristne gjennom nabofolket Hmong Daw som for få år sidan vart grepen av evangeliet gjennom kristne radioprogram.
God Gud! Me ber om at alle dei truande i Hmong Bua -folket skal halda saman som ein åndeleg familie, ei kyrkje, og me ber om at dei skal kjenna deg på djupet, ha tilgang på ditt ord, læra seg å lesa og skriva, vera fylte av Anden og bli mektig brukt for å bringa heile folket på kne til deg. Me ber i Jesu namn! Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar