fredag 14. april 2017

Kina

Areal: 9 573 000 km2
Folketal: 1 400 000 000
Kina er gamalt keisarrike med 831 folkeslag som snakkar 269 ulike språk. 90 % snakkar Han-kinesisk (mandarin), som då naturlegvis er det offisielle språket i Kina. Men også dette språket har 600 ulike dialektar. Heile Bibelen er omsett til 24 språk, 16 har NT 27 har deler av Bibelen.

Kina har ein uvanleg lang og rik politisk og kulturell historie som går 3000 år attende i tid. Mange ulike riker har oppstått og gått til grunne, for så å reisa seg att.

I dag er Kina politisk sett eit kommunistisk diktatur, men det økonomiske systemet er marknadskapitalistisk. Kulturrevolusjonen til Mao på 60-talet og "det lange steget framover" på slutten av 50-talet, førte millionar av menneske inn i sveltedøden. Denne vanvittige politikken vart reversert og ført i ein heilt ny retning i 1979 av Deng Xiao Ping. I dag har Kina verdas andre største økonomi. Store deler av verdas industriproduksjon føregår i landet, som dei siste åra er blitt leiande innan alt som heiter teknologi.

Kommunistane sette i gong målmedviten utrydding av dei kristne etter at dei tok makta i 1948. Det førte til ei vekkjing større enn verda nokon gong har vore vitne til, ei rørsle som berre har auka i kraft fram til i dag. Det skal vera 150 millionar kristne i Kina i dag (stipulert 85 millionar prostestantar), eit tal som aukar med mange tusen kvar dag. Kinesiske kristne er svært misjonale i sin måte å leva på. I 2030 reknar ein med at talet på kristne er 267 millionar. Veksten er eksponentiell.

Undergrunnskyrkja, som er den mest vitale delen av den kristne rørsla i Kina driv eit omfattande kyrkjeplantingsprogram over heile landet, og Gud har gjeve dei eit klårt mål om å bringa evangeliet attende til Jerusalem og evangelisera alle land mellom Kina og Israel, der alt i si tid starta.

Men forfølginga er på ingen måte over. Komministpartiet ser på den kristne rørsla som trugande for sin eigen eksistens, og har den siste tida strama grepet, rive ned kyrkjer, fjerna krossar frå kyrkjebygg  i stor stil (1700 den siste tida) og kristne vert stadig arresterte og trakasserte. Styresmaktene krev no at alle kyrkjer skal utstyrast med overvakingskamera, og at dei skal smykkast med det nasjonale flagget. Dei intensiverer kontrollen.

Vekkjinga er enorm, men Biblar og undervisningsmateriell er stor mangelvare. Difor er det mange avvikande læresystem ute og går, og synkretisme er vanleg.

Dei fleste kinesarane er ikkje-religiøse, ein arv frå den ateistiske kommunismen. Over 20% har tilknytning til tradisjonell kinesisk religion og 12 % er buddhistar (mahayana-versjonen).

Kjære gode Gud og Far!

Din plan for Kina går langt utover vår fantasi. Takk for dine veldige gjerningar i dette landet, og me ber i Jesu namn at du må halda elden levande i dei truande sine hjarto og i kyrkjelydane, ja, at du let det auka på dag for dag. Ta godt vare på dine barn, tal til dei, leid dei og utrust dei for di framtid. Må dei få tilgang på biblar og sunn kristen undervisning slik at dei kan vera grunnfesta i ditt jordsmonn. Så ber me i dag om at evangeliet skal finna godt fotfeste også i dei store byane, at det skal etablerast kyrkjelydar i blokker, på arbeidsplassar, på universitet og over alt der folk ferdast, og me ber i Jesu namn om at makteliten i kommunistpartiet også skal bli overrumpla av din Ande. Amen!




 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...