- Be om at Gud skal gripa mektig inn og setja fri desse ungdomane og fordriva og knusa Boko Haram.
- Be Gud om at han må ta vare på jentene og senda englar for å tena dei og verna dei mot alle typar overgrep.
- Be Gud om å trøysta foreldre og søsken ved å tala håp inn i liva deira.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Chibok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chibok. Vis alle innlegg
lørdag 29. april 2017
195 skulejenter framleis sakna
For tre år sidan kidnappa Boko Haram 276 kristne skulejenter som låg og sov på romma i internatet dei budde i. Dette skjedde i buen Chibok i Bornoprovinsen i Nigeria. 60 av dei har klart å rømma, 21 er sette fri. Resten er tvangsgifta med muslimar eller selde til sex-slaveri. Heime ventar foreldre og søsken i stor sorg og smerte. 23 av foreldra har i etterkant døydd av hjartesvikt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Kong Harald 1937-2026 Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast,...
