66 000 menneske som snakkar Miao og bur i dei vestlege provinssane av Kina. Det er animistar, og kjem opphaveleg frå Assam, det nord-austre hjørnet av India. I følgje www.joshuaproject.net er 1,6% av dei kristne. Høg analfabetisme. Ingen deler av Bibelen er omsett til Miao-språket. Hmong Bua kom til Kina for 200 år sidan, og har gjennom åra utvikla sin eigen spesielle identitet. Nokre er vorten kristne gjennom nabofolket Hmong Daw som for få år sidan vart grepen av evangeliet gjennom kristne radioprogram.
God Gud! Me ber om at alle dei truande i Hmong Bua -folket skal halda saman som ein åndeleg familie, ei kyrkje, og me ber om at dei skal kjenna deg på djupet, ha tilgang på ditt ord, læra seg å lesa og skriva, vera fylte av Anden og bli mektig brukt for å bringa heile folket på kne til deg. Me ber i Jesu namn! Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Miao. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Miao. Vis alle innlegg
torsdag 27. april 2017
onsdag 26. april 2017
Dagens unådde: Ghao-Xong. Kina
Det kinesiske folket Ghao-Xong tel i følgje joshuaproject.net 1 360 000 menneske, snakkar Miao og er å finna spreidd utover vest i Kina. mange i Hunan, 0,6% av dei er kristne. Men fleirtalet har aldri høyrt evangeliet. Dei vart neglisjerte av misjonærane i Kina før 1949. I dag tilber dei dragehunden Pan Hu. Ghao-Xong har ei lang soge som går attende til 500-talet etter Kristus. Gjennom historia har dei vore involvert i tallause krigar. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på språket deira.
Herre Jesus! Sjå i nåde til Ghao-Xongfolket og lat dei få høyra og lesa om deg på sitt eige språk. Kall arbeidsfolk ut til din haust mellom dei.
Aus Anden din ut over dei, gjer gode under mellom dei, gje folket, og særleg leiarane deira, draumar og visjonar som syner dei den rette vegen, den einaste som fører til himmelen. Amen!

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)
Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000 Religion: Buddhisme Språk: Mongolsk Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


