torsdag 27. april 2017

Den demokratiske republikken Kongo

A map of Congo-DRC class=
Kongo har nesten 70 millionar innbyggjarar fordelt på 2,345,410 km2. Tidlegare belgisk koloni.  Hovudstad: Kinshasa.
I følgje Operation World er 92,15% kristne. 18,7% evangeliske.
Frå naturen si side er Kongo eit uvanleg rikt land. Men ein langvarig og brutal borgarkrig, har gjort folk flest fattige. Meir enn 3 millionar menneske er blitt slakta ned dei siste 15 åra, og av dei som lever er mange, mange alvorleg traumatiserte, ikkje minst kvinner som er blitt utsette for fælslege valdtekter. Det er dagens orden i Kongo.
LRA og "Herrens motstandshær" rekrutterer hundretusenvis av barnesoldatar som vert trente til å utøva valt hinsides det me kan førestella oss. Her råder djevelen over menneska.
Folk flyktar i store mengder frå krig og vald, og landet har eit stort internt flyktningeproblem. Mange flyktar også til naboland.
Historisk sett skal det vera kong Leopold av Belgia som har starta valdsspiralen i Kongo.
Innbyggjarane i landet snakkar 217 ulike språk. Fransk er administrasjonsspråk.
Kyrkjene veks, men hekseri og avguderi av ulikt slag blir ofte blanda inn i folks trusliv.
  • Be om eit gjennombrot for Guds rike i Kongo.
  • Be om fred og forsoning mellom folkegrupper.
  • Be om eit rettferdig rettsoppgjer etter år med redsler.
  • Be om lækjedom for dei mange skadde og traumatiserte menneska
  • Be om ukorrupte, ærlege, kloke og rettsindige politiske leiarar
  • Be om at dei mange som har vore barnesoldatar skal få den hjelp dei treng for å ta att ein tapt barndom og ungdom.
  • Be om at internflyktningane skal få det livsnaudsynte, og at dei skal få venda attende til heimplassane sine.
  • Be om at namnekristne skal bli frelst og fødde på nytt ved Den heilage ande.
  • Be om ei djup Apg.19-vekkjing mellom dei kristne slik at dei vender om frå alle former for hekseri, avgudsdyrking, magi, horeri, bedrageriog annan vondskap.
  • Be om at dei kristne skal lesa Bibelen og lyda Gud i alle ting.
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk som har trong for ei oversetting.
  • Be om at kyrkjene skal få fromme, åndsfylte og karakterfaste leiarar som elskar Gud og folk, og som har eit solid bibelsk fundament for tenesta.
  • Be om at dei truande skal bli disippelgjort på skikkeleg måte, og at dei i alle ting skal likna på Jesus.
  • Be om ein ny misjonsvisjon i kyrkjene
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar der det er naudsynt.
  • Be om einskap og fred mellom kyrkjesamfunna.



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...