søndag 12. februar 2012

12.02.2012


Enshi Miao er ei folkegruppe som nesten er heilt assimilert i den mandarintalande hankinesiske befolkninga. Nokre få held ved like gamle ritualer i samband med gravreinsing, noko som heng att etter gamal fedredyrking.
Enshi Miao tel 623 000 menneske. Nokre ytterst få av dei er romersk katolske kristne. Folket manglar generelt heilt interesse for religion. 

 
Herre Jesus! Ingen er så langt borte frå deg at ikkje du kan nå dei med din Ande. Eg ber for dei få kristne i dette folket at dei fullt ut skal forstå rekkevidda av din død og di oppstode, og leva kristenliva sine i krafta frå Den heilage ande. Lat Enshi Miaofolket møta deg gjennom kristne som elskar dei og som kan aktualisera deg og demonstrera Guds rike for dei. Overtyd dei om synd, rettferd og dom, slik at dei kan venda om til deg og få nyta godene av di frelse. Herre, miskunna deg. 

 

Raid mot iransk huskyrkje  

Compass Direct og Mohabat News melder at ei huskyrkje i Shiraz onsdag i denne veka vart raida av iranske styresmakter, og mellom 6 og 10 kristne vart arresterte.  Berre éin av dei er indentifisert: Mojtaba Hosseini, som også vart fengsla ein kortare periode i 2008, og som nok har vore i søkelyset etter den tid.

 Gode Far! Dei kristne i Iran står framfor ein sterk motstandar. Men du er sterkare, og ingen kan stå seg mot deg. Kom våre iranske søsken mektig til hjelp, du som skapte himmel og jord. Lat ikkje føtene deira vakla, men lat dei stå fast i nåden og i Ordet, og fulle av Ande og kraft frimodig dela evangeliet med sine medmenneske, vinna dei for Jesus Kristus og gradvis forvandla samfunnet frå å vera prega av hat og løgn, til å bli prega av kjærleik og sanning. Bryt du i Jesu namn djevelens makt over denne vakre nasjonen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...