tirsdag 26. mai 2015

Fransk Polynesia

A locator map of French Polynesia
Folketal: 271400. 251300 kristne. Av desse er rundt 20000 evangeliske. Den katolske kyrkja, som er støtta av franske styresmakter, har vunne terreng dei siste åra, ikkje minst som eit resultat av den karismatiske fornyinga som har fått eit sterkt fotfeste på desse øyane. (Det kan vera grunn til å minna om at denne fornyinga på verdsbasis er større innan den romersk katolske kyrkja enn i protestantiske kyrkjesamfunn). I dag er 25-30% av katolikkane ein del av denne fornyinga. Resten er nominelle kristne. Det har forresten vore spenning mellom dei intellektuelle og dei karismatiske. Dei første meiner at fornyingsrørsla er ny oppblomstring av heidenske krefter.


  • Takk for alt nytt og fornya liv i kyrkja i Fransk Polynesia.
  • Be om ansvarlege, bibeltru, karakterfaste og gode leiararsom elskar Gud og folket
  • Be om fred mellom folk og framgang for Guds rike
  • Be om at dei truande må bli disippelgjort, leva nært Gud, leva misjonale liv og fungera som menneskefiskarar i kvardagen sin



Fransk Guyana

A locator map of French Guiana
Fransk Guiana er eit  oversjøisk fransk administrasjonsområde i Sør-Amerika (som er representert i den franske nasjonalforsamlinga i Paris) I dette biologisk sett rike jungelområdet (med 400 000 registrerte dyre og planteartar), bur det ikkje meir enn 231000 menneske. Desse har, pga støtte frå Frankrike og EU, ein høgare levestandard enn det som elles er vanleg i regionen. Det offisielle språket er fransk, men folk snakkar i stor grad ein blanding av guyanafransk og kreol. Det føregår no ein prosess med å få omsett Bibelen til denne spesielle dialekten. 91% av befolkninga er kristne (romersk katolske), men dei fleste er nominelle og sekulariserte. Skilsmisse blir meir og meir vanleg, likeeins barn fødd utanfor ekteskap. Kristne stammefolk frå nabolandet Suriname driv aktiv misjon i det animistiske maroonfolket. Dei siste åra har mange nye huskyrkjer blitt etablert av pinsevenene, og desse har hatt ein gjennomsnittleg årleg vekst på 5%.

kjerlder: Operation World, www.prayercast.com


  • Be om at bibelprosjektet til Biblica skal lukkast, og at den nye omsettinga skal bli kjøpt, lest og tala sterkt inn i folks liv. 
  • Be om at Guds lover og verdiar igjen blir forstått som forpliktande og gode for folk å leva etter. 
  • Be om gjennomslag for evangeliet i maroonfolket.

mandag 25. mai 2015

Rohingyafolket utsette for fælslege overgrep.


Rohingyafolket er i dag utsett for tung forfølging, og det som ser ut til å bli eit folkemord. Dei er muslimar og budd i det som tidlegare var eit sjølvstendig kongerike, Arakan, i meir enn tusen år. På 1700-talet vart dei erobra av Burma (Myanmar). Men dei har alltid vore nekta burmesisk statsborgarskap, og no driv militærjuntane dei på flukt. Den einaste vegen dei kan flykta er til havs. Der blir dei ofte drivande i vekevis for vind og vær. Mange druknar. Andre døyr av dehydrering og utmatting. Mange stader blir dei avviste. Nokre kjem til Thailand og Malysia der det no altså syner seg at dei vert drepne av menneskesmuglarar og kasta i massegraver. 139 slike er dei siste dagane funne nord i Malaysia. Den største av massegravene kan innhalda levningar etter så mange som 300 menneske.

Kongen over kongane, Herren over herrane! Me ropar til deg for Rohingyafolket i Myanmar, og for alle av dei som er drivne på flukt frå heimlandet sitt: Forbarm deg over dei. Må verda ynkast over dette folket slik at dei kan få liv og rom. Må du gripa mektig inn i denne flyktningekatastrofen, vera til stades i rohingyane sine liv, ta vare på dei, verna dei, leida dei og føra dei til trygg hamn. Du er ein Gud som er kjent for å gje framtid og von. Gje framtid og von til Rohingyafolket, og må nokon av dine trufaste påta seg og gje dei evangeliet, du som lid med dei lidanede, og som gret med dei som gråtande, og som har lidd for oss alle. Må det fælslege som no skjer med dette folket motivera kristne over heile verda til å yta hjelp langt utover det me meiner me har råd til, slik at me kan demonstrera din godleik og sympati i praktisk handling. Og så ber me om at du skal stoppa og straffa dei som påfører dette folket død, liding, sorg og smerte.

Frankrike


Frankrike er eitt av verdas leiande land politisk, økonomisk, kulturelt og militært.
Folketal: 65 mill. 38 mill tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn. Vel 600000 av desse er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. Det er i dag ein sterk vekst innan den evangeliske familie, og det blir planta mange nye kyrkjer. Gjennom det nasjonale konsilet for franske evangeliske kristne (CNEF), har det oppstått ein djup einskap mellom kristne som før sto mot kvarandre. Det gjeld også i høve til den katolske kyrkja.
Rundt 10% av befolkninga i Frankrike er muslimar. Desse har røtene sine i tidlegare franske koloniar, både i Nord og Vest-Afrika. Integreringa har vore lite vellukka, og det er store spenningar i det franske samfunnet som med jamne mellomrom resulterer i gatevald frå arbeidslaus muslimsk ungdom.
Sjølv om kristninga av landet går attende heilt til det andre hundreåret e. Kr., er Frankrike i dag eit gjennomsekularisert land. Frå 1200-talet har det vore reformatoriske vekkingsrørsler i landet (med utgangspunkt i Lyon, som heilt frå Iræneus sine dagar var eit åndeleg kraftsenter) , og desse har vore utsett for blodige forfølgingar. Det toppa seg under Reformasjonen då hundertusenvis av hugenottar (kalvinske kristne som då utgjorde 25% av befolkninga) vart slakta ned av styresmaktene støtta av den romersk katolske kyrkja. Seinare kom den franske revolusjon som hadde som siktemål å reinsa Frankrike frå einkvar kristen påverknad.
I dag er det 37000 kommunar i Frankrike. 35000 av dei har ikkje noko evangelisk kyrkje eller fellesskap. 50 mill franskmenn har ingen link til ei kristen kyrkje i det heile. 80% har aldir teke i ein bibel. CNEF har sett opp som mål å planta èi evangelisk kyrkje per 10000 innbyggjar. Det inneber 4500 nye plantingar.

  • Be om at CNEF skal lukkast med kyrkjeplantingprosjektet sitt
  • Be om at Bibelen skal bli gjenoppdaga og lest av vanlege franskmenn
  • Be om at Bibelens sanningar og verdiar igjen skal bli verdsett av vanlege franskmenn. 
  • Be om at evangeliet må bli forkynt klårt og reint i den katolske kyrkja slik at folk kan oppdaga at Jesus lever, skjøna kva som er rett og galt i Guds augo, venda om, bli frelst frå sine synder, innlemma i eit levande kristent fellesskap, fylt med Den heilage ande og bli gjort til Jesu sigerrike disiplar.
  • Be om om at dei truande skal bli klår over sitt ansvar andsynes muslimane i landet, og at Gud skal opna dørar for dei inn i dei i muslimske miljøa. 
  • Be om at unge menn skal bli kalla til pastorteneste, og at det skal byggast opp solide bibelskular og semninar der dei kan få naudsynt opplæring.
  • Be om at det skal poppa opp nye apologetar som på ein fullgod måte kan samsnakka med franske intellektuelle om Gud.
  • Be om at franskmennene skal bli oppmerksame på den rike kristne arven som ligg i historia deira.
  • Be om at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med tidlegare forfølging av protestantar.


onsdag 20. mai 2015

Argobbafolket i Etiopia

Argobba
Argobbafolket tel 174000 menneske, og held til i dei sentrale delane av Etiopia. Dei er muslimar, og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til argobba. Likevel er over 4% av dei kristne. Dei fleste ortodokse. 1,5% evangeliske. Folket har historisk vore undertrykt av omkringliggande folk, og hard råka av tørke og hunger. Dei er eit handelsfolk, og har av økonomiske grunnar i stor grad lært seg andre språk, og snakkar flytande amharisk, oromo eller afar. I praksis er dei tospråklege.

Argobba har stor motstand i seg overfor evangeliet. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå i og med at dei identifiserer kristendomen med det amharafolket som dei ligg i endelause konfliktar med om økonomi, handel og retten til land. www.joshuaproject.net

Gode Gud! Eg ber i dag for dei truande i argobbafolket, at dei skal leva heilage liv i Andens kraft. Må dei leva som dedikerte etterfølgjarar av Jesus, elska ditt ord og den kristne fellesskapen. Så ber eg om at Bibelen skal bli omsett til argobba slik at folket kan få høyra at du også er ein av dei, og ikkje berre ein Gud for alle andre. Så ber eg om at du skal velsigna folket med nok regn og gode avlingar, og med fred med naboane sine.  Amen!

Argobba in Ethiopia

To pastorar frå Sør-Sudan for retten i Sudan

Dei sørsudanske pastorane Yat Michael og Peter Yein  (bilete) vil bli stilt for retten i Khartoum, hovudstaden i Sudan,  den 31. mai. Dei er tiltalte for ha underminert den sudanesiske konstitusjonen og oppmuntra til krig mot staten. Vert dei kjent skuldige, kan det enda opp med dødsstraff.

Det var i desember i fjor at Yat Michael talte på ei gudsteneste i den presbyterianske kyrkja i byen då tryggingspoliti kom inn i kyrkja og arresterte han. Ein månad seinare skjedde det same med Peter Yein då han stilte opp på politistasjonen for å spørja etter Yat Michael.
david-yein-reith
Peter Yein, også kalla David Yein Reith
 Det er blitt fabrikert prov mot desse to mennene som gjer at situasjonen er overlag farleg for dei.
Det høyrer med til saka at staten har lege i konflikt med denne kyrkja om nokre landområder. Etter desse arrestasjonane er deler av kyrkjebygget rive ned at styresmaktene.
Me må be:

Kjære Herre Jesus ! Styrk desse to modige mennene med ditt nærvær og med di kraft medan dei sit i fengsel og ventar på rettssaka. Må sanninga koma tydeleg og klårt fram under rettsforhandlingane, og all løgn solid avslørt. Takk at du vil gje dei visdom og rette ord når dei talar, og må dei utstråla din glede og din fred. Ta deg også av familiane deira. Amen!

tirsdag 19. mai 2015

Etiopia


I Etiopia bur det 85 millionar menneske. Dei er fordelte på nokre store folkegrupper som tigray og amhara, som er semittiske,  oromo, somali og afar, some er kusittar. 51,5 millionar tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn, av desse er 16,7 evangelisk kristne. Resten er ortodokse. Det bur 33 millionar muslimar i landet. Spenninga mellom kristne og muslimar er aukande, og slår i enkelte områder ut med vald mot kristne. I Etiopia blir det snakka 88 ulike språk. 17 språk manglar bibeloversetting. Etiopia er ein av verdas eldste nasjonar med ein lang og ærerik kulturhistorie som strekker seg 3000 år attende i tid. Økonomien er basert på jordbruk, og kaffi er hovudeksportproduktet. Krig og hungersnaud har dei siste åra hindra utviklinga, og mange døyr av underernæring. Det har også sin grunn i at jorda sjeldan får kvila og er svært utarma etter mange års intens dyrking.
Kristne har vore gjennom harde forfølgingsperiodar, først under dei italienske fascistane før og under 2.verdskrigen, og seinare under kommunistpartiet som sat med makta frå 1974 til 1991. Men forfølginga har reinsa kyrkja meir enn å sveikka henne.
Dei siste åra har krig og konflikt med Eritrea og Somalia tært fælt på landet sine ressursar.
Kyrkja har hatt ein eksepsjonell vekst i Etiopia dei siste tiåra. Åndelege vekkjingar rullar over landet og hundretusenvis vender seg til Gud kvart år.  Profetien i Salme 68 om at Etiopia i hast skal strekka hendene sine ut mot Herren går i oppfylling rett framfor augo på oss.
Det er mange analfabetar i Etiopia. Berre 35% kan lesa og skriva.
Mange ting tyder på at landet er i ferd med å forvitra og bli delt opp etter grensene mellom dei store folkegruppene.

Be Gud om at landet skal bera grøde og at dei skal kunna hausta nok mat til befolkninga. I dag er dei heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Be om eit klokt og ukorrupt leiarskap, folk som tener folket meir enn si eiga lommebok. 

Be om fred og forsoning med nabofolka

Be om nasjonal einskap

Be om at vekkinga skal halda fram og tilta i styrke

Be om godt leiarskap i kyrkjelydane

Be om at evangeliet om Jesus skal gripa muslimane, slik at dei kan bli hausta inn i Guds rike, og at islam skal bli feidd av banen.

                                   




Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...