fredag 14. april 2017

Kina

Areal: 9 573 000 km2
Folketal: 1 400 000 000
Kina er gamalt keisarrike med 831 folkeslag som snakkar 269 ulike språk. 90 % snakkar Han-kinesisk (mandarin), som då naturlegvis er det offisielle språket i Kina. Men også dette språket har 600 ulike dialektar. Heile Bibelen er omsett til 24 språk, 16 har NT 27 har deler av Bibelen.

Kina har ein uvanleg lang og rik politisk og kulturell historie som går 3000 år attende i tid. Mange ulike riker har oppstått og gått til grunne, for så å reisa seg att.

I dag er Kina politisk sett eit kommunistisk diktatur, men det økonomiske systemet er marknadskapitalistisk. Kulturrevolusjonen til Mao på 60-talet og "det lange steget framover" på slutten av 50-talet, førte millionar av menneske inn i sveltedøden. Denne vanvittige politikken vart reversert og ført i ein heilt ny retning i 1979 av Deng Xiao Ping. I dag har Kina verdas andre største økonomi. Store deler av verdas industriproduksjon føregår i landet, som dei siste åra er blitt leiande innan alt som heiter teknologi.

Kommunistane sette i gong målmedviten utrydding av dei kristne etter at dei tok makta i 1948. Det førte til ei vekkjing større enn verda nokon gong har vore vitne til, ei rørsle som berre har auka i kraft fram til i dag. Det skal vera 150 millionar kristne i Kina i dag (stipulert 85 millionar prostestantar), eit tal som aukar med mange tusen kvar dag. Kinesiske kristne er svært misjonale i sin måte å leva på. I 2030 reknar ein med at talet på kristne er 267 millionar. Veksten er eksponentiell.

Undergrunnskyrkja, som er den mest vitale delen av den kristne rørsla i Kina driv eit omfattande kyrkjeplantingsprogram over heile landet, og Gud har gjeve dei eit klårt mål om å bringa evangeliet attende til Jerusalem og evangelisera alle land mellom Kina og Israel, der alt i si tid starta.

Men forfølginga er på ingen måte over. Komministpartiet ser på den kristne rørsla som trugande for sin eigen eksistens, og har den siste tida strama grepet, rive ned kyrkjer, fjerna krossar frå kyrkjebygg  i stor stil (1700 den siste tida) og kristne vert stadig arresterte og trakasserte. Styresmaktene krev no at alle kyrkjer skal utstyrast med overvakingskamera, og at dei skal smykkast med det nasjonale flagget. Dei intensiverer kontrollen.

Vekkjinga er enorm, men Biblar og undervisningsmateriell er stor mangelvare. Difor er det mange avvikande læresystem ute og går, og synkretisme er vanleg.

Dei fleste kinesarane er ikkje-religiøse, ein arv frå den ateistiske kommunismen. Over 20% har tilknytning til tradisjonell kinesisk religion og 12 % er buddhistar (mahayana-versjonen).

Kjære gode Gud og Far!

Din plan for Kina går langt utover vår fantasi. Takk for dine veldige gjerningar i dette landet, og me ber i Jesu namn at du må halda elden levande i dei truande sine hjarto og i kyrkjelydane, ja, at du let det auka på dag for dag. Ta godt vare på dine barn, tal til dei, leid dei og utrust dei for di framtid. Må dei få tilgang på biblar og sunn kristen undervisning slik at dei kan vera grunnfesta i ditt jordsmonn. Så ber me i dag om at evangeliet skal finna godt fotfeste også i dei store byane, at det skal etablerast kyrkjelydar i blokker, på arbeidsplassar, på universitet og over alt der folk ferdast, og me ber i Jesu namn om at makteliten i kommunistpartiet også skal bli overrumpla av din Ande. Amen!




 

mandag 27. mars 2017

Dagens unådde: Koirifolket i India

Folketal: 8 456 000.
Religion: Hinduisme
Språk: Hindi
Tilgang på heile Bibelen.

Koirifolket ser på seg sjølve som etterkomarar etter gudsn Kush. Dei fleste er bønder, og dei er å finna på den mektige Gangessletta, heilt aust i landet, der det åndelege mørkret er tettare enn nokon annan plass på jorda.

Kjære Herre Jesus!
Grip mektig inn i liva til Koirifolket og frels dei frå deira synder og lær dei å tru på deg og elska deg av heile sitt hjarta. Fri dei frå alle band til hinduistiske gudar, og dei demoniske kreftene som ligg bak. Grunnlegg di kyrkje i dette folket, og gjer henne til eit kraftig lys som lyser for alle i India. Amen!

torsdag 23. mars 2017

Indonesia: Alvorleg skada etter IS-åtak, no i god betring.

Det var 13 november 2016 at ISIS utførte eit bobeåtak på Den økumeniske kyrkja i Samarinda, provinshovudstadet aust på Kalimantan (Borneo). Ugjerningsmennene kasta m.a. ei brannbombe mot kyrkja og eitt barn (Olivia på 2,5 år) vart drepe, og fleire fekk alvorlege brannskadar, m.a. Alvaro (4) som du ser på bilete her. Han har no vore gjennom 17 opersasjonar etter åtaket, og er no i betring. Anita (2) og Triniti (3) er no så bra at dei kan vera heime og ha ein normal kvardag. 21 islamistar vart arreseterte av politiet i ettertid, og sju av desse har ISIS-tilknytning.

Gode Far! Takk at Alvaro, Anita og Triniti er i god betring, og ber om at Alvaro også snarast skal bli såpass god at han kan koma heim og få eit så normalt liv som råd er. Du ser at fienden planlegg alltid nye ugjerningar, hald eit auga med han og set inn effektive tiltak som stoppar og forvirrar han. Gje dei truande eit sterkt vern, ver du ei fast borg for dei, og me ber om at evangeliet skal forkynnast og delast over heile Kalimantan, og at landet og folka der skal bli overvunne av deg. Amen!

mandag 20. mars 2017

Burkina Faso

Areal: 274 200 km2
Folketal: Rundt 20 millionar. 3% årleg tilvekst
Hovudstad: Ouagadougou med 2 mill. innbyggjarar
78 ulike etnolingvistiske grupper. Størst er Gur som utgjer 77%.
Det vert snakka 70 språk i Burkina Faso.
Bibelspråk: 7 språk har heile Bibelen.  16 har NT. 28 har deler av Bibelen. 28 språk er under omsetting.
Burkina Faso er eitt av dei fattigaste landa på jorda.
I hovudsak dyrkar folk jorda. Bomull er kanskje den einaste eksportartikkelen, Landet er ekstremt sårbart for tørke. Det kan vera gull og andre mineraler å finna i berget. Landet lid også under stadige væpna konfliktar med Elfenbeinskysten.
Utdanningsnivået er lågt, særleg mellom jenter og kvinner.
Landet har ekstremt høg nasjonal gjeld.

POLITIKK
PF var fransk koloni fram til 1961. Har hatt stabil regjering sidan 1987.

RELIGION
52% islam
26,4% etniske religionar
21% kristne. 1,4 mill protestantar (10000 i 1960)


  • Det vert sagt om dette landet at det har 50% muslimar, 20% kristne og 100% animistar. Her er det omfattande religionsblanding, og alle driv med okkulte handlingar. Be Gud om å bryta djevlens makt over landet og menneska der. Også i kyrkjene skjer dette i stor stil, og evangeliet vert ureina av heidenskap og avgudsdyrking.
  • Kyrkjelydane lid under manglande leiarskap og fråverande disippelgjerning. Be om at nye leiarar må stiga fram, leiarar som kjenner Gud, er fulle av Den heilage ande, lærer rett og lever etter Guds ord. Be også om at det skal veksa fram solide disippelskapsprogram som blir bestemmande for kvaliteten på dei kristnes liv framover. 
  • Be om at det i kyrkjene skal utvikla seg ein gjevarmentalitet framfor ein tiggarmentalitet. 
  • Be om at Gud skal velsigna kyrkjene økonomisk.
  • Be om at befolkninga skal ta eit oppgjer med seksuell umoral slik at dei kan leva reint med kvarandre, og at AIDS-epedemien slik skal koma under kontroll og forsvinna. 
  • Be om einskap mellom dei kristne i landet.
  • Be om at det skal gjerast tiltak for å nå dei 27 unådde stammene der. 
  • Be om at kyrkjene i landet skal få ein sterk og retningsgjevande misjonsvisjon. 








Bulgaria

Flatemål 110 912 km2
Folketal: vel 7 millionar. Negativ vekst.
Hovudstad: Sofia (1,2 mill)
Folkeslag: 82% bulgararar, 2,3% makedonarar, 9,4% tyrkarar, 4,7% sigøynarar
Språk: Bulgarsk. Totalt 16 språk.
Bibelspråk: 3 heile, 5 NT 6 deler

ØKONOMI OG NÆRING
Jordbruk. Industri. Gruvedrift. Oljeutvinning. Eigedom. Turisme. IT. Handel.
Økonomien prega av sterke mafiainteresse og skyhøg korrupsjon. Særleg innan eigedomsmarknaden, men også når det gjeld omsetting av varer. Høg arbeidsløyse og jordbruksområda. Stor arbeidskraftseksport til EU og EØS.

POLITIKK/HISTORIE
Nasjonen forsiktig forma på 500-talet då området vart kristna. Frå 1396-1878 under ottomansk muslimsk styre. Sjølvstendig frå den tid og fram til 1947 då landet vart underlagt ekstrem autoritær og streng sovjetkommunistisk kontroll. Sjølvstendig frå 1989.

RELIGION
80% kristne (dei fleste ortodokse) 12 % muslimar, 8% ikkje-religiøse
1,7% er protestantar. Det ein forsiktig vekst på 0,7% blandt desse. Kraftigare vekst på 90-talet.

BØN
Herre Jesus Kristus! Me proklamerar at du åleine er Bulgarias rette konge, Gud og frelsarmann. Du har gjeve livet ditt for alle menneske i dette landet, forat dei ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for deg som døydde og stod opp for dei. Difor ber me: Aus Anden din utover dette landet og vend innbyggjarane sine hjarto mot deg. Må dei forstå at du ikkje berre er ein frelsar, men også ein dommar, og at det berre er du som kan berga dei frå din eigen dom over syndene i liva deira. Styrk di sanne kyrkje i Bulgaria, og gjer henne til eit kraftig lys som spreier det åndelege og moralske mørkret som ligg over landet. Me ber i ditt namn imot mafiaeorganisasjonane: Bryt du makta deira med den veldige kraft som du rår over i din herlegdom, og lat Bulgaria attreisast som ein rettferdig nasjon som blir styrt av gudfryktige menneske med karakter og klokskap. Frels folket frå rus, promiskuitet, bedrageri og den omfattande abortpraksisen i landet, og læk dei for all den skade synda har gjort i liva deira. Vekk Bulgaria til nytt liv i deg! Amen!

søndag 19. mars 2017

Dagens unådde: Dhangar i India

Folketal: 3 millionar.
Språk: Gujarati
Religion: Hinduisme
Bibelen: Ja
Kristne: Ingen kjende

Dhangarfolket har svært lite skulegang, og alfabetiseringsgraden er låg. Dei er bønder. Dhangar tyder faktisk ku. Dei kallar barna sine opp etter gudar og gudinner. Favorittgudane er Khandoba og Biroba.

Gode Gud! Me ber om at du skal ausa Anden din utover Dhangarfolket, og gjera Jesus kjend for dei. Vekk i dei interesse for å læra og lesa og skriva, og gje dei ein trong etter å lesa og læra om deg, du den einaste sanne Gud. Løys dei frå avgudane som bind dei til djevelen og hans lagnad, og før dei frå mørkret til lyset, og gjer dei til dine barn ved trua på Jesus Kristus. Amen! 



søndag 5. mars 2017

Kviterussland

Kviterussland ligg på ei grøderik slette. Landet har eit areal på 207 600 km2. Folketalet er på 9,5 millionar, men søkk fort pga låg reproduksjon.

Næringsliv: Industri og jordbruk. 80% av økonomien kjem frå handel med Russland.
Industrien er koldriven, og lagar store miljøproblem.
Politikk: Vert kalla Europas siste diktatur, og med rette. All makt ligg hos president Alexander Lukashenko.
Religion: 57% ortodokse. 28% ikkje-religiøse.  10% romersk katolske. 1,4% evangeliske.
Det er i praksis ingen religionsfridom eller andre fridomar i Kviterussland. Menneskerettane vert krenka systematisk og dagleg. Likevel veks dei evangeliske kristne med 3% årleg.
Tsjernobylulukka i Ukraina i 1986 påverkar  enno befolkninga sterkt.

Gode Far! Reins, styrk og utrust di kyrkje i Kviterussland slik at du kan gjera dine gjerningar gjennom henne. Gje henne leiarar som elskar deg av eit heilt hjarta, som har Andens kraft i seg, høg integritet, ansvarskjensle, gudsfrykt, offervilje, visjonar for ditt rike og godleik for dine barn. Gje menneska i landet frelse og fridom gjennom Jesus Kristus, og lat landet bli forvandla  frå innsida av din kjærleik. Gje lækjedom til alle som enno lid pga skadar frå Tsjernobylulukka. 
Så ber me om at Kviterussland skal bli velsigna med eit godt politisk leiarskap som har vilje og evne til å ta ansvar både for folkets vel og for miljøet. Amen!






Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...