Viser innlegg med etiketten Sofia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sofia. Vis alle innlegg

onsdag 20. mars 2024

Bulgaria

 

Kjelde til tekst og kart: Operation World

Det bur 6 618 615 menneske i Buglaria

78% er ortodokse kristne

1,9 % er evangeliske kristne

15% er muslimar, dei fleste lever i sør-vest .

Folk snakkar bulgarsk. Totalt er det 16 språk. 

Hovudstad: Sofia

Bulgaria er det fattigaste landet i EU. Mange unge reiser frå landet for å finna seg betre betalte jobbar i EU og EØS. 

Korrupsjonen i landet er omfattande, mafiaen  er uvanleg sterk og styrer mykje av næringslivet.

Be om at kristne skal vera lys og salt i samfunnet slik at vonde og uærlege menneske må gje tapt for store kristne leiarar med Kristi karakter som kombinerer makt, rettferd og godleik. 

Be om at kyrkja må få nåde til å syna Guds kjærleik til bulgararane. Rasismen er sterk og vona lita.

Be om fornying av den ortodokse kyrkja.

Be om misjonsfokus retta mot 2500 byar og landsbyar utan ei evangelisk kyrkje.

Be om gode og visjonære kristne leiarar

Be om framgang for evangeliet mellom romfolk (det er fleire)  og tyrkarar (også fleire grupper)

Be om effektiv distribusjon av biblar og kristen litteratur over heile landet.

Be om effektiv misjon gjennom TV og internett. 


mandag 20. mars 2017

Bulgaria

Flatemål 110 912 km2
Folketal: vel 7 millionar. Negativ vekst.
Hovudstad: Sofia (1,2 mill)
Folkeslag: 82% bulgararar, 2,3% makedonarar, 9,4% tyrkarar, 4,7% sigøynarar
Språk: Bulgarsk. Totalt 16 språk.
Bibelspråk: 3 heile, 5 NT 6 deler

ØKONOMI OG NÆRING
Jordbruk. Industri. Gruvedrift. Oljeutvinning. Eigedom. Turisme. IT. Handel.
Økonomien prega av sterke mafiainteresse og skyhøg korrupsjon. Særleg innan eigedomsmarknaden, men også når det gjeld omsetting av varer. Høg arbeidsløyse og jordbruksområda. Stor arbeidskraftseksport til EU og EØS.

POLITIKK/HISTORIE
Nasjonen forsiktig forma på 500-talet då området vart kristna. Frå 1396-1878 under ottomansk muslimsk styre. Sjølvstendig frå den tid og fram til 1947 då landet vart underlagt ekstrem autoritær og streng sovjetkommunistisk kontroll. Sjølvstendig frå 1989.

RELIGION
80% kristne (dei fleste ortodokse) 12 % muslimar, 8% ikkje-religiøse
1,7% er protestantar. Det ein forsiktig vekst på 0,7% blandt desse. Kraftigare vekst på 90-talet.

BØN
Herre Jesus Kristus! Me proklamerar at du åleine er Bulgarias rette konge, Gud og frelsarmann. Du har gjeve livet ditt for alle menneske i dette landet, forat dei ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for deg som døydde og stod opp for dei. Difor ber me: Aus Anden din utover dette landet og vend innbyggjarane sine hjarto mot deg. Må dei forstå at du ikkje berre er ein frelsar, men også ein dommar, og at det berre er du som kan berga dei frå din eigen dom over syndene i liva deira. Styrk di sanne kyrkje i Bulgaria, og gjer henne til eit kraftig lys som spreier det åndelege og moralske mørkret som ligg over landet. Me ber i ditt namn imot mafiaeorganisasjonane: Bryt du makta deira med den veldige kraft som du rår over i din herlegdom, og lat Bulgaria attreisast som ein rettferdig nasjon som blir styrt av gudfryktige menneske med karakter og klokskap. Frels folket frå rus, promiskuitet, bedrageri og den omfattande abortpraksisen i landet, og læk dei for all den skade synda har gjort i liva deira. Vekk Bulgaria til nytt liv i deg! Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...