Kviterussland ligg på ei grøderik slette. Landet har eit areal på 207 600 km2. Folketalet er på 9,5 millionar, men søkk fort pga låg reproduksjon.
Næringsliv: Industri og jordbruk. 80% av økonomien kjem frå handel med Russland.
Industrien er koldriven, og lagar store miljøproblem.
Politikk: Vert kalla Europas siste diktatur, og med rette. All makt ligg hos president Alexander Lukashenko.
Religion: 57% ortodokse. 28% ikkje-religiøse. 10% romersk katolske. 1,4% evangeliske.
Det er i praksis ingen religionsfridom eller andre fridomar i Kviterussland. Menneskerettane vert krenka systematisk og dagleg. Likevel veks dei evangeliske kristne med 3% årleg.
Tsjernobylulukka i Ukraina i 1986 påverkar enno befolkninga sterkt.
Gode Far! Reins, styrk og utrust di kyrkje i Kviterussland slik at du kan gjera dine gjerningar gjennom henne. Gje henne leiarar som elskar deg av eit heilt hjarta, som har Andens kraft i seg, høg integritet, ansvarskjensle, gudsfrykt, offervilje, visjonar for ditt rike og godleik for dine barn. Gje menneska i landet frelse og fridom gjennom Jesus Kristus, og lat landet bli forvandla frå innsida av din kjærleik. Gje lækjedom til alle som enno lid pga skadar frå Tsjernobylulukka.
Så ber me om at Kviterussland skal bli velsigna med eit godt politisk leiarskap som har vilje og evne til å ta ansvar både for folkets vel og for miljøet. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar