fredag 26. september 2014

Pastor Tandin Wangyal risikerer år i fengsel for evangeliet



 
TANDIN WANGYAL
Pastor Tandin Wangyal i Burma som saman med M. B. Thapa, vart arrestert den 5.mars, fekk 10.september den formelle anklagen retta mot seg. Den går ut på at han har motteke pengar frå utlandet for å spreia kristendomen i Bhutan. Han er no ute frå fengsel på kausjon, men kan risikera år i fengsel når saka kjem opp. Thapa fekk for sin del ei bot på 10000 kroner å betala. Pastor Tandin er gift med Nengboi, og dei har 3 mindreårige søner.
Far! Me ber om styrke for Tandin og Nengboi i denne tida. Må rettferda sigra når saka deira skal takast opp til doms. Gje dei i Jesu namn alt dei treng for liva sine, og hjelp dei å ha ditt perspektiv på lidinga dei er utsette for. Gje dei nåde til å leggja alle suter over på deg i påkalling, bøn og med takk. Me ber også om stor framgang for evangeliet i Bhutan, og at Thapa ikkje skal missa motet i tenesta. Amen!
kjelde: www.persecution.net

Asia Bibi si sak opp til ny rettshøyring 16.oktober





Det vert no meldt frå Voice of the Martyrs at Asia Bibi si sak skal opp til ny høyring i retten den 16.oktober. 5-barnsmora som er dømt til døden for blasfemi, har sete i fengsel sidan 2009.Bakgrunnen for klagemåla mot henne er at ho nekta å fjerna seg frå ein vasspost der muslimske kvinner henta vatn (kristne i Pakistan er utsette for rein apartheid). I ordvekslinga som følgde minna Bibi kvinnene om at Mohammed var død, men at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Det er nok til å bli dømt til døden i Pakistan.

Kjære Far! Me ber i Jesu namn om at rettferda må sigra i saka mot Asia Bibi, at dommaren skal tora å frikjenna henne for klagemåla som er retta mot henne, og at ho og familien trygt skal koma seg ut av landet. Me ber også om styrke og underhald for familien hennar, og at blasfemilovene i Pakistan må reviderast og helst fjernast heilt. Sjå i nåde til di kyrkje i Pakistan. Gjer dei truande brennande og uredde slik at ditt lys kan skina sterkt for alle pakistanarar. Amen

mandag 15. september 2014

Dagens unådde: Luma Akha-folket i Laos

Akha, Luma in Laos
Luma Akhafolket tel vel 70 000 menneske. Dei lever nord i Laos, i eit område der det stort sett vert dyrka opium. 10% av Luma Akha er såleis narkomane, noko som får enormt mange negative følgjer for familiar og storsamfunn. Luma Akhafolket legg stor vekt på å kunna si eiga historia, og er kløpparar på slektslister. Ein god Luma Akha kan lett resitera forfedrane sine 60 ledd bakover i tid, samt dei ulike immigrasjonsstiane forfedrane deira tok då dei vandra inn der dei no bur. I lys av dette er det ikkje så vanskeleg å forstå at Luma Akhafolket er fedredyrkarar, og landsbyane deira er fulle av demoniske symbol og alter der dei ofrar hundar, geiter og kyllingar. Luma Akha lever i eit djupt åndeleg mørke, og dei er på veg inn i det evige mørkret.

Kjære Herre Jesus! Me ber i ditt namn om at du skal løysa Luma Akhafolket frå alle demoniske makter som held dei basta og bundne til rus og synd som fører dei djupare og djupare inn i øydelegging og til sist i evig fortaping. Gode Heilage ande: Blås liv i dette døde og fortapte folket og skap eit gudsfolk ut av dei, fylt av lys, tru, kraft, fridom og glede. Send dine dedikerte og velutrusta tenarar til dei for å gjera teneste mellom dei: Lækja dei sjuke, fri ut dei bundne og kalla alle til omvending og tru.  Herre, miskunna deg over Luma Akhafolket, i ditt namn. Amen!

Akha, Luma in Laos

onsdag 10. september 2014

Dagens unådde: Baidyafolket i Bangladesh


Baidyafolket tel på verdsbasis 380 000 menneske. I Bangladesh bur 123000 av dei. Dei er hinduar, med alle dei utfordringar det representerer i ein gjennomgåande muslimsk nasjon. Baidyane er  fattige. Dei eig ikkje land, og har spesialisert seg i ayurvedisk (gamalhinduistisk) medisin. I sitt daglege liv tilber dei mange ulike avgudar, m.a. Kali og Shiva, som dei mest kjende. Språket deira er bengali. Mange kristne ressursar er tilgjengelege på dette språket. Ingen, absolutt ingen, av baidyafolket i Bangladesh er kristne. Men nokre av dei som bur i India er det.

Kjære Herre Jesus! Tal til kristne baidyar i India og kall dei til å dela dine gode nyheiter med frendane sine i Bangladesh Løys desse menneska frå djevelens lenker og makt, og lat dei bli kjent med deg som deira personlege skapar og frelsar. Hjelp dei å forstå at dei treng tilgjeving for sine synder, og at denne tilgjevinga er i deg åleine, du som er Guds gåve til verda. Må din kjærleik og nåde bli deira dyraste eigedom, reis opp di kyrkje i dette folket som eit fyrtårn også for andre folk i Bangladesh. Takk Jesus! Amen! 

Baidya, Hindu in Bangladesh

mandag 8. september 2014

Dagens unådde: Banthufolket i India

Bhantu in India
Banthufolket tel kun 28000 menneske, og er heimehøyrande i Uttar Pradesh, eitt av verdas minst evangeliserte områder. Dei er alle hinduar og tilber Shankar Bagwan, ein familiegud, og Sherawali Mata og Hanuman som er landsbygudar. Fedredyrking førekjem ein sjeldan gong. Heime snakkar dei sitt eige språk, men dei fleste av dei meistrar også hindi flytande. 4 andre språk er også representerte mellom dei.
Tradisjonelt har banthuane vore berykta som notoriske tjuvar. Dette stigmaet har vore vanskeleg å bli kvitt, sjølv om dei no er respektable medborgarar. Nokre er endå til å finna på politisk toppnivå.  Du kan finna meir ut om dei på www.joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Du som i kjærleik gav Sonen din til og for oss alle, må ordet om Jesus nå fram til banthufolket og bli veldig personleg for dei. Hjelp dei ved Den heilage ande å venda seg bort frå avgudane, og løys du alle emosjonelle band som dei har til desse ,og fyll dei med ein lidenskapleg kjærleik til Jesus åleine. Hjelp dei å forstå at du er deira skapar og opphav, og at liva deira tilhøyrer deg. Gje dei lækjedom for dei sjukdomane som forringar liva deira, og syn deg for dei som deira evige Far, frelsar og forsørgar. Amen! 

Bhantu in India

mandag 1. september 2014

Dagens unådde: Khatrifolket i Pakistan


Khatrifolket tel vel ein million menneske, og held til i den vestlege delen av Punjab. Dei kjem tradisjonelt frå ein hinduistisk høgkaste, noko som betyr mykje for dei også i dag sjølv om dei no formelt er muslimar. Dei tilhøyrer middelklassen, er velståande og velutdanna. Khatriane har det litt ansamt med maten sidan dei ikkje kan eta mat laga av folk som står under dei på rangstigen. Skilsmål er forbode, men dei ser gjennom fingrane med det dersom det er snakk om alvorlege mistilhøve. Khatrikvinnene er kjende for å vera uvanleg vakre. Dei fleste snakkar punjabi, men også mange andre språk er representerte mellom dei.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til khatrifolket. Send dine vitner til dei for å dela dei gode nyheitene om deg og di frelse med dei. Bryt ned den djupt kulturfesta stoltheiten deira som hindrar dei i å bøya seg under di mektige hand og ta imot nåde. Reis dei opp til eit kristent folk som fylt av Ande og kraft inntek ein leiarposisjon i evangeliseringa av Pakistan. Høyr og bønhøyr oss for di eiga skuld. Amen!

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...