Viser innlegg med etiketten Punjab. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Punjab. Vis alle innlegg

lørdag 11. mai 2019

Dagens unådde: Arain, Pakistan

Arainfolket reiste frå området rundt Damaskus omlag 700 år e.Kr. og kom til det indiske subkontinent. Der slo dei seg ned i det som i dag er Punjab. Dei er svært arbeidssame og dyktige jordbrukarar. Arain tel heile 11 millionar menneske. Dei snakkar ein vestleg versjon av punjabi, og NT føreligg på dette språket. Arain er muslimar.

God Gud og Far! Sjå i nåde til Arian. Send Ordet ditt til dei, og Anden din over dei, slik at dei kan koma til tru på Jesus og erfara å bli Guds kjære barn av nåde, utan lovgjerningar. Lat namnert ditt helgast, riket ditt koma og viljen din råda i liva deira slik som i himmelen, og velsign dei på alle livsområder. Amen!

m16228.png
m16228.png

tirsdag 16. mai 2017

Rajput av muslimsk tradisjon i Pakistan

Rajput er ei stor unådd folkegruppe i India og Pakistan. Nokre er hinduar og andre muslimar. Rajpufolket i Pakistan tel over 16 millionar menneske, og høyrer naturlegvis til Islam. Dei fleste av dei bur i Punjabregionen aust i landet, og snakkar då også punjabi.
Det nye testamentet er omsett til punjabi.
I følgje joshuaproject.net er rajput eit sanskrit ord for kongeson, og rajputane tilhøyrer då også overklassen. Dei er av høg kaste, og eig store landområder.
Å stola på Kristus fordrar audmjukheit. Rajputane er overlag stolte menneske. Dette er eit hinder for dei. Det trengst mykje uthaldande bøn for dette folket.
Gode Jesus Kristus! Me ber i ditt namn om at du skal audmjuka rajputfolket i Pakistan slik at dei kan bli sanne kongesøner, Guds søner og døtre. Må dei bli disippelgjort av trufaste disiplar som dedikerer livet sitt til dei. Må dei bøya seg for deg, som Josefs brør for Josef, , sanna syndene sine og fullt ut gripa ditt fullbrakte frelsesverk. Løys dei frå vondskap og demonisk dominans, og dra dei til deg, også når dei les Koranen. Etabler ei kraftfull rajputkyrkje som er full av himmelsk kraft og godleik, ei kyrkje som kan vera eit lys for alle menneske i Pakistan.


mandag 1. september 2014

Dagens unådde: Khatrifolket i Pakistan


Khatrifolket tel vel ein million menneske, og held til i den vestlege delen av Punjab. Dei kjem tradisjonelt frå ein hinduistisk høgkaste, noko som betyr mykje for dei også i dag sjølv om dei no formelt er muslimar. Dei tilhøyrer middelklassen, er velståande og velutdanna. Khatriane har det litt ansamt med maten sidan dei ikkje kan eta mat laga av folk som står under dei på rangstigen. Skilsmål er forbode, men dei ser gjennom fingrane med det dersom det er snakk om alvorlege mistilhøve. Khatrikvinnene er kjende for å vera uvanleg vakre. Dei fleste snakkar punjabi, men også mange andre språk er representerte mellom dei.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til khatrifolket. Send dine vitner til dei for å dela dei gode nyheitene om deg og di frelse med dei. Bryt ned den djupt kulturfesta stoltheiten deira som hindrar dei i å bøya seg under di mektige hand og ta imot nåde. Reis dei opp til eit kristent folk som fylt av Ande og kraft inntek ein leiarposisjon i evangeliseringa av Pakistan. Høyr og bønhøyr oss for di eiga skuld. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...