Viser innlegg med etiketten Bhutan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bhutan. Vis alle innlegg

fredag 28. august 2015

Dagens unådde: Dakpa i Bhutan

Dakpafolket er ei lite folkegruppe. Dei tel kun 5700 menneske, og er i hovudsak bønder som dyrkar mais, bygg og bete (t.d. raudbete). Dei jobbar lange dagar på åkrane for å dyrka nok mat til familiane sine. Som husdyr har dei sau og jak. Berre 3% av arealet i Bhutan er dyrkbart, difor lagar dei terrasser i landskapet for å utnytta jorda best mogeleg.
100% av dakpaane er buddhistar, men praktiserer også shamanisme. Dei lever isolert og har synt seg motstandsdyktige overfor evangeliet. Dei snakkar sitt eige språk som er dakpaka.

Gode Gud! Dakpafolket er i ditt hjarta. Men dei kjenner ikkje deg, lever i mørkret og er på veg inn i evig natt. Me ber: Sjå i nåde til dei, og send lyset ditt inn i liva og kulturen deira. Må ventetida vera over for dakpafolket, og betydningen av Kristi kross bli tydeleg for dei. Send dei ditt ord. Fri dei ut frå djevelens løgner og syndas lenker. Aus Anden ut over dei slik at dei blir overtydd om at dei treng frelse, at Jesus er frelsaren, og slik at dei vender om til deg og blir fødde på nytt som dine nådebarn. Herre, miskunna deg i Jesu namn. Amen! 

 


søndag 22. februar 2015

Dagens unådde: Dzalafolket i Butan


Dzalafolket er ekstremt fattig. Å koma inn i deira område er som å flytta inn i Middelalderens Europa. Her har det ikkje vore noko utvikling på lang, lang tid. Dei er tibetanske buddhistar, og verdsbilete deira er heilt annleis enn vårt. Dei kallar seg sjølve for Khomafolket, og språket sitt for Khomakha. Det offisielle namnet er dzalakha. Dette folket tel 15000 menneske. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dzalakha.

Kjære Jesus Kristus, verdas store frelsar! Bli også ein frelsar for dzalafolket i Butan. Må di kyrkje høyra kallet frå dette folket, gå dei imøte og gje dei evangeliet på deira eige språk. Velsign dzalafolket. Hjelp dei å ta godt vare på barna sine i ei verd som etterkvart vert svært uroleg og påtrengande. Må barna læra seg å lesa og skriva og bli utrusta til å takla utfordringane dei kjem til å møta i liva sine. Fri folket frå alle vonde ånder som vil hindra dei i å koma til Gud, og førebu dei vel for Jesu innmarsj i kulturen. Amen!

fredag 26. september 2014

Pastor Tandin Wangyal risikerer år i fengsel for evangeliet



 
TANDIN WANGYAL
Pastor Tandin Wangyal i Burma som saman med M. B. Thapa, vart arrestert den 5.mars, fekk 10.september den formelle anklagen retta mot seg. Den går ut på at han har motteke pengar frå utlandet for å spreia kristendomen i Bhutan. Han er no ute frå fengsel på kausjon, men kan risikera år i fengsel når saka kjem opp. Thapa fekk for sin del ei bot på 10000 kroner å betala. Pastor Tandin er gift med Nengboi, og dei har 3 mindreårige søner.
Far! Me ber om styrke for Tandin og Nengboi i denne tida. Må rettferda sigra når saka deira skal takast opp til doms. Gje dei i Jesu namn alt dei treng for liva sine, og hjelp dei å ha ditt perspektiv på lidinga dei er utsette for. Gje dei nåde til å leggja alle suter over på deg i påkalling, bøn og med takk. Me ber også om stor framgang for evangeliet i Bhutan, og at Thapa ikkje skal missa motet i tenesta. Amen!
kjelde: www.persecution.net

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...