Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 10. september 2014
Dagens unådde: Baidyafolket i Bangladesh
Baidyafolket tel på verdsbasis 380 000 menneske. I Bangladesh bur 123000 av dei. Dei er hinduar, med alle dei utfordringar det representerer i ein gjennomgåande muslimsk nasjon. Baidyane er fattige. Dei eig ikkje land, og har spesialisert seg i ayurvedisk (gamalhinduistisk) medisin. I sitt daglege liv tilber dei mange ulike avgudar, m.a. Kali og Shiva, som dei mest kjende. Språket deira er bengali. Mange kristne ressursar er tilgjengelege på dette språket. Ingen, absolutt ingen, av baidyafolket i Bangladesh er kristne. Men nokre av dei som bur i India er det.
Kjære Herre Jesus! Tal til kristne baidyar i India og kall dei til å dela dine gode nyheiter med frendane sine i Bangladesh Løys desse menneska frå djevelens lenker og makt, og lat dei bli kjent med deg som deira personlege skapar og frelsar. Hjelp dei å forstå at dei treng tilgjeving for sine synder, og at denne tilgjevinga er i deg åleine, du som er Guds gåve til verda. Må din kjærleik og nåde bli deira dyraste eigedom, reis opp di kyrkje i dette folket som eit fyrtårn også for andre folk i Bangladesh. Takk Jesus! Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar