Kjelder: Operation World, CIA world fact-book, www.prayercast.com
Areal: 1 284 000 km2 . Folketal: 15 833 000 (juli 2018). Folkegrupper: 141. Språk: 133. Største religion: Islam. Kristne: 38,4%. Hovudstad: N`djamena.
Tsjad var fransk koloni fram til 1960. Administrasjonsspråket i landet er difor fransk. Lausrivinga frå Frankrike førte landet inn i 36 år med borgarkrig, opprør og alvorlege grensekonfliktar med Libya.
Situasjonen har vore rolegare dei siste åra, men Boko Haram har begynt å skapa nye problemer med m.a. sjølvmordsåtak i N`djamena.
Tsjad treng ei stabil og rettferdig regjering. Landet strir i dag med vald og korrupsjon. Nokre reknar Tsjad som verdas mest korrupte land. Stammekonfliktar mellom muslimar i nord og kristne i sør er gjer situasjonen ustabil. Bandittar og opprørarar hindrar økonomisk utvikling. Nokre av dei kjem frå Darfur i Sudan.
Landet nyt godt av full religionsfridom. Men denne er under hardt press frå "hardline" muslimske grupper som vil innføra sharia.
Det er fleire unådde folkegrupper i Tsjad enn i noko anna afrikansk land. Dei er i hovudsak å finna mellom sunnimuslimane i det tørre nord der Sahara bestemmer livsvilkåra til folk, i fjella og i storbyane.
Mange misjonsorganisasjonar har arbeid i Tsjad, og Jesu misjonsvisjon grip stadig meir om seg blant innfødde truande. Det blir gjort mykje godt arbeid med nye bibeloversettingar, omsorg for AIDS-sjuke, leiartrening, administrasjon, evangelisering, utdanning av helsearbeidarar, utdanning av kvinner for å nemna noko.
- Be om at evangeliet for alvor skal bli gjort kjent for, og gripa hjarto til, den muslimske majoritetsbefolkninga i nord.
- Be om at regjeringa behandlar nord og sør likt og rettferdig, at dei tek eit oppgjer med løgnkulturen som pregar folk på leiarnivå og at dei innfører ein ny standard der det handlar om å gjera livet bra for befolkninga og ikkje for seg sjølv.
- Be om at Gud vernar om religionsfridomen i landet, og at kristne brukar den anledning dei no har til å forkynna evangeliet uinnskrenka på ein god måte.
- Be om at det skal bli gjort ein formidabel innsats framover med tanke på å nå dei unådde stammene i Tsjad med evangeliet. Her krevst det mot, åndskraft og brei kompetanse, ikkje minst når det gjeld språkkunnskap med tanke på nye bibeloversettingar.
- Be for kyrkja i Tsjad, at ho skal ha gode leiarar som elskar Jesus, Guds ord og folket. Be om at dei truande lever eksemplariske kristenliv, at dei truande blir forsvarleg disippelgjort, at dei lever åndeleg sett fruktbare liv, at dei stadig vinn nye menneske for Jesus og at det blir planta nye kyrkjelydar overalt der folk ferdast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar