Arrestasjonane
er fleire, klagemåla meir direkte og straffene strengare. Lenga har det vore
slik at kristne i Iran er blitt dømt for å ha truga rikstryggleiken. No er tida forbi for den slags absurditetar, ser
det ut for. Mission Network News melder i dag (8.oktober) at no vert kristne rett og slett dømde for å vedkjenna seg til Jesus Kristus som Herre,
og for å ha Bibelen som den høgaste autoriteten for kva dei skal
tru og korleis dei skal leva. Den 18. august appellerte Amnesty
International til umiddelbar aksjon til støtte for fire kristne som tilsaman er
dømde til 45 år i fengsel. Dei fire er Victor Bet Tamraz, Amin Ashfar Naderi, Kavyian Fallah Mohammadi og Hadi Asghari (bilete).
I
tillegg til tunge fengselsstraffer blir kristne i stor grad nekta utdanning, det
blir lagt ekstra press på familiar til kristne som har flykta frå landet og mange
Jesustruande får problemer med å få seg arbeid.
Kvifor skjer dette? Fordi Guds rike går fram
med rekordfart i dette shiamuslimske landet. I 1987 var det i følgje Operation World om
lag 500 evangeliske kristne i landet. I 2014 var talet ein plass mellom 300 og
700 000. Det er vanskeleg å vurdera dette nøyaktig då kyrkja i 1994 fekk
styresmaktene sitt blikk retta mot seg. Mange kyrkjeleiarar vart då arresterte,
tre vart avretta og kyrkja gjekk «under jorda». Etter den tid har det teke
heilt av. Den årlege kyrkjeveksten er no på 19,2% (den høgaste i verda), og
held det fram slik, vil det i 2020 vera ein million evangeliske kristne i
landet. Styresmaktene har no fått panikk, og det er forklaringa på kvifor
forfølginga no blir intensivert.
Gode
Gud, himmelske Far! Enno ein gong ber med for
våre kristne søsken i Iran. Me takka deg for det store verket du er i ferd med
å fullføra i dette landet. No ber me om at du skal gje dei truande masse frimot
slik at dei uredde vitnar og forkynner om Jesus for sine medborgarar, at du
leier dei slik at dei ikkje kjem i vanskelege situasjonar, at kyrkjelydane får tilgang
på nok biblar, at du reiser opp mange nok leiarar med innsikt i Guds ord, som forkynner
og lever rett etter Ordet ditt og som har den naudsynte utrustning og kraft
over liva sine. Ver nær alle som sit i fengsel. Bruk dei mektig til å fremja
ditt rike mellom medfangar. Læk dei for sjukdomar og skadar dei er blitt
påført. Vern dei mot ytterlegare helseplager. Lat dei få nok og næringsrik mat,
og lat dei i din time få fridomen sin attende. Så må du i Jesu namn halda eit
auga med alle motstandarane, fri dei frå djevelens makt og løgner og lat dei
bli slått av undring i møte med dine barn slik at dei kjem til omvending og
tru. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar