Italia er ei økonomisk stormakt bygd på ein rik og variert industri. Bilar og kvitevarer kan nenmast. Denne industrien er stort sett i nord.
Landet er også ei kulturell stormakt, og har fostra dei største kunstnarane verda har sett, det vera seg innafor musikk, biletkunst, litteratur eller arkitektur.
Men landet har også fostra sin del av verdas despotar, både under og etter Romerriket.
Hovudstaden er Roma. Andre kjende byar er Firenze (renessansehovudstaden), Venezia, Milano, Napoli og Torino.
80% av befolkninga er tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 1,1% er evangelisk kristne. Desse er svært splitta, men det er aukande einskap å spora. Dei fleste evangeliske er av ikkje-italiensk opphav (Aust-Europa, Afrika og Latin-Amerika)
I oldkyrkja var kristendomen levande og kraftig i Italia. Men kristendomen vart etter kvart ein formalisert statsreligion, og for det det store fleirtalet i dag har ikkje kyrkjemedlemskapet noko som helst å seia for kva dei trur og korleis dei lever. Nord-Italia er mest sekularisert, og Torino er blitt eit senter for verdas djevledyrkarar. I dag er det mange fleire hekser og trollmenn i Italia enn kristne prestar. Landet er i desperat og djup åndeleg naud, og mistilliten til kyrkja er tynnsliten etter dei mange skesuelle overgrepa mot barn som er avslørte dei siste åra, og for kyrkjeleiinga sin vilje til å skjula ugjerningane. Men det skal den katolske kyrkja ha: I dag går ho i spissen for å syna folk barmhjertighet, og ho er ikkje redd for å formana til gudsfrykt og utfordra til tru. Pave Frans er ein fin eksponent for dette.
- Takk Gud for ein rik åndeleg arv i Italia.
- Be om at det som måtte vera av liv i røtene, at dei skal skyta friske skot, og at katolikkane skal venda seg bort frå helgendyrking, og begynna å hylla og tilbe Jesus åleine.
- Be om at prestane i landet skal bli gripne av Jesus, fylte med Den heilage ande og kapable til å forkynna Guds ord på ein slik måte at det grip hjarto og driv folket til omvending og tru.
- Be om einskap og mogning blandt dei evangeliske kristne i landet, at dei skal utvikla Gudsrelasjonen sin, lesa sin bibel, halda saman i varme fellesskap og bruka energien sin og liva sine på misjon i sine nabolag.
- Be om outreach og kyrkjeplanting i dei mange områda som manglar eit evangelisk innslag.
- Be om at mafiaen skal mista makta si, og at leiarane skal bli avslørte, fengsla og straffa.
- Be om Guds gjerning mellom dei mange narkomane og HIV-smitta. Dei er MANGE.
- Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til hausten sin i Italia, og at dei som tener Jesus mellom dei fortapte skal få Andens kraft og halda motet oppe også når det buttar mot, for det gjer det alltid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar