20 menneske vart alvorleg skadde 2.juli etter at hinduar frå 25 landsbyar gjekk til åtak på eit tillyst bønemøte der det var 150 kristne til stades. Mange av dei skadde hadde beinbrot. 10 motorsyklar vart også øydelagde, likeeins møblar og instrument i kyrkjerommet. Landsbyleiarane har no levert inn anmeldingar av dei kristne leiarane med falske klagemål om ulike kriminelle handlingar dei skal ha gjort seg skuldige i.
Gode Gud! Me ber i Jesu namn om lækjedom for dei som vart skada i dette åtaket. Hjelp dei kristne i området å halda tett saman, og trøysta og oppmuntra kvarandre. Set mot i dei slik at dei kvar einaste dag tek krossen sin opp, vedkjenner seg Jesus og modig vitnar om han. Må alle falske klagemål mot dei kristne leiarane falla til jorda, og me ber om at dei som har skada folk og eigedom skal bli arresterte og bli stilt til ansvar for gjerningane sine, og me ber om at dei skal innrømma syndene sine, venda om til deg og bli sanne kristne. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar