tirsdag 16. mai 2017

82 av dei kristne jentene frå Chibok som vart kidnappa av røvarbanden Boko Haram i 2014 vart sett fri i sist veke.

Image result for 82 girls released from Boko Haram
82 av dei 276 jentene som vart kidnappa av Boko Haram i 2014 vart sette fri sist veke (dagar etter at me bad for dei på denne bloggen). Dei er blitt haldne som sex-slavar, og fleire av dei kjem heim med barn. Alle ser alvorlege ut. Dei treng masse lækjedom og rehabilitering. Og NB! barna deira treng å bli aksepterte av samfunnet.
No er det 113  att i fangenskap. Dei som er sett fri får imidlertid ikkje reisa heim til sine eigne. Regjeringa held fast på dei, av «tryggjingsgrunnar» , som det heiter. Observatørar meinar dei har ting å skjula som jentene har kunnskap om.

Med til bilete høyrer det at Boko Haram også har over tusen andre gislar som dei passar på.

Me ber:

Gode allmektige Gud! Enno ein gong ber me om at du skal knusa Boko Haram som maktfaktor i Nigeria, Kamerun og Chad. Må leiarane deira gå under og må alle gislar bli sette fri frå fangenskap og bli sameint med familiane sine. Så ber me i Jesu namn om at dei unge jentene/kvinnene skal få lækjedom for skader som er blitt dei påført på kropp, sjel og ånd, og at dei skal få koma attende til gleda i Gud. Så ber me om at dei skuldlause barna deira ikkje skal bli forkasta av samfunnet, men fullt ut aksepterte som likeverdige borgarar med fulle rettar. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...