"Herre!
Du søker oss alltid. Men det finst tider då du plutseleg og på ein heilt avgjerande måte dreg menneske nær til deg. Gje denne byen ei slik tid. Fri folk frå alle tankar om å forsvara seg sjølve, tankar som blindar dei og bind dei til dei vonde vegane dei går på. Du kjenner dei som i denne augneblinken er klar for å opna liva sine for deg. Snart vil dei anten velja å følgja deg eller gløyma deg. Kom nær til dei etter kvart som dei nærmar seg deg. Overtyd dei tvilande hjarto deira om din overveldande kjærleik.
Mange har høyrt evangeliet før, men dei har stått deg imot. Me kallar på din nåde og ber deg om å gje dei enno ein sjanse. Ikkje tillat dei å snubla seg vidare i livet med harde hjarto som er blinde for din herlegdom. Opna augo deira for din venleik og øyro deira for din visdom. Opna hjarto deira slik at dei kan merka din lidenskaplege kjærleik, og når dei opnar seg for deg, kom til dei og gje dei lækjedom og omvending. Amen!"
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar