Det er 20 millionar usbekarar i verda. 15 millionar lever i Usbekistan. Restene er stort sett å finna i nabolanda. Usbekarane er av tyrkisk opphav, og har vore under ulike okkupasjonsmakter heilt til 1991 då sovjetkommunismen fall og dei fekk sjølvstende. Dei er muslimar, men praktiserer ikkje religionen strengt. 0,04 % er kristne. Dei fleste er jordbrukarar (dyrkar bomull), men mange bur i byar og jobbar med andre ting. Det bye testamente pluss deler av GT er tilgjengeleg på usbek. Resten er under omsetjing. "Jesusfilmen" er også tilgjengeleg. Dei er under sterkt press frå islamistar som vil radikalisera det religiøse livet deira. Tida er difor inne for å forkynna evangeliet for usbekarane. Usbekarane legg stor vekt på draumar, og opplever dei som Guds tale.
Bøn: " Eg ber om at kristne usbekarar skal einast i arbeidet med å nå frendane sine med evangeliet, og eg ber Herre at du skal gå framfor tenarane dine og gjesta usbekarane med draumar og visjonar om Jesus. Gå imot djevelen og tving han til å gje frå seg herredøme over usbekarane. Gje dei Anden din slik at raskt tek i mot evangeliet og knyter seg til di kyrkje, og er med på å gjera denne kraftfull og ekspansiv. Gje visdom og styrke til alle misjonærar som jobbar for å nå usbekarane med evangeliet, og send ut nye arbeidarar til din haust. Eg ber om at usbekarane skal bli fanga av Jesu kjærleik og få oppleva fridomen ved å vera Guds kjære barn. Amen"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar