mandag 19. januar 2009

I dag ber me for Minafolket i India

Minafolket lever i dei nordvestre området av India, og tel meir enn 4 millionar menneske. Dei driv for det meste jordbruk, men vinningskriminalitet er vanleg. Alt for mange av dei er tjuvar og røvarar. Dei har ein tvilsam seksualmoral der brør i stor grad har tilgang til kvarandre sine koner. Det er høg grad av analfabetisme i dette folket, og dermed manglande kunnskapar m.a. om helsespørsmål. Tuberkolose er av den grunn ein vanleg dødsårsak. Dei snakkar hindi og er hinduar. Fattigdomen er stor.


Bøn: "Herre Jesus! Ta deg av minafolket, send ditt ord og din Heilage Ande til dei og løys dei frå synda og djevelens makt. Du er Guds lam som bar bort verdas synd, og du er ei soning, ikkje berre for våre synder, men for alle i heile verda. Reins kulturen frå syndige tradisjonar, fyll minafolket med din kjærleik og lat dei skina som diamantar for dei andre folka i India. Skap tru på deg i hjarto deira og bli deira konge og Gud. Amen!"

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...