fredag 23. januar 2009

Moorfolket i Mauretania



Moorfolket i Mauretania tel 2,6 millionar menneske. Alle som snakkar Hassaniyya som 1. språk er moor, same kva hudfarge dei har. Det finst både svarte og kvite moor. Dei kvite er overklasse. Dei har opphavet sitt hos dei arabiske berberane.
Moorfolket er nomadar og organiserer seg i stammer, klanar, underklanar og teltlag. Dei siste åra har dei stadig vore utsette for krig og åtak frå røvarar og bandittar. Dei er utrygge.
Moorfolket er et stolt folk som ser ned på andre. Dei er muslimar, og lever strengt etter Koranen, og er difor vanskelege å nå med evangeliet. Dei er for heilt unådde å rekna.

Bøn: " Herre Jesus Kristus, du som som auser Anden din ut over alt kjøt. Lat Han koma over moorfolket, og tal til dei gjennom draumar og visjonar. Demonstrer di makt for dei og gje dei otte for domen din og hunger etter ordet ditt og nåden din. Gje moorfolket hjarto som trur på deg og elskar deg. Bryt ned motstanden mot Jesus i dei, og gjer dei mottakelege for evangeliet. Reis opp ei sterk og myndig kyrkje i moorfolket som kan vera eit ljos for andre folk i Vest-Afrika. Amen"

Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...