To nye kristne iranske familiar har fått avslag på asylsøknadane sine. No er det 3 slike familiar i Kristkyrkja på Stord. Norske styresmakter tek ikkje trugsmåla som er retta mot denne gruppa alvorleg, men gjer alt dei kan for å bagatellisera fåremomenta.
Bøn: "Gode Gud og Far! Sjå i nåde til dei iranske familiane i Kristkyrkja på Stord og andre familiar som er i same situasjon. Fyll hjarto deira med tru, mot, håp og fred. Hjelp alle som jobbar med sakene deira å tenkja klårt og kreativt, og hjelp dei å finna fram til alle opplysningar som kan styrkja desse sakene slik at dei går gjennom til siger. Amen!"
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar