tirsdag 20. januar 2009

I dag ber me for nepalesarane i Burma


I Burma lever 270 000 nepalesarar som flykta frå Nepal under revolusjonen der på 1950-talet. Dei bur i landsbyar, driv hovudsakleg med risproduksjon og lever enkle liv. Dei er tradisjonelle hinduar, og snakkar ein nepalisk dialekt som kallast Khas Kura. 1% av dei er kristne, 0,7% evangeliske. Kjelde: Adopt- A- People Clearinghouse


Bøn: "Far i himmelen, eg takkar deg for alle som jobbar for å gje evangeliet til nepalesarane i Burma. Fyll dei med kjærleik til folket og gje dei visdom og nåde slik at dei kan nå inn til dei med dei gode nyheitene om Jesus. Eg ber om at du skal oppmuntra dei få av folket som har overgjeva liva sine til deg. Fyll dei med din Ande, bygg dei saman og gjer dei til lysande vitne om Jesus i sitt eige folk. Så ber eg om at alt kristent radio og TV-arbeid retta mot denne gruppa skal lukkast. Opna du hjarto til desse menneska og til alle med styringsansvar i Burma. Set dette folket fri frå alle makter og mynder som held dei bundne til synda, døden og domen. Aus din Ande ut over dette folket og gje dei frelse og liv i overflod. Amen."

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...