søndag 11. januar 2009

Israel og palestinarane


Verdsopinionen rasar mot Israel. Men me som kristne er kalla til å trøysta, velsigna og be for Israel og det jødiske folket. Forslag til bøn:

"Herre, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud! Gje Israel det vern som nasjonen treng. Hald auga med fiendane deira og gjer desse maktlause i kampen for å øydeleggja landet og folket som du elskar. GJE ISRAEL FRED INNAFOR TRYGGE GRENSER FASTSETTE AV DEG I DITT RÅD. Samla folket ditt i det heilage landet og gje dei di frelse. Aus din Ande ut over nasjonen, gje folket sann omvending, reins dei frå all synd ved trua på Jesus og lat dei bli til velsigning for alle nasjonar. Lat tankane deira bli fanga av ditt ord, og løys dei frå tendensen til isolasjonisme og eksklusivitet. Trøyst dei som sørgjer, og læk dei som er skada og treumatiserte.

Ta bort hatet frå palestinarane sine hjarto, og fang dei inn i din kjærleik. Kom til dei som den frelsar du er for dei, rør ved dei og før dei inn i eit rett høve til deg. Lat riket ditt koma og viljen din skje mellom palestinarane, og lat dei bli eit folk som velsignar Israel og som haustar velsigning frå Israel. Gje dei sivile vern i krigen, læk dei skada og dei treumatiserte. Amen."

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...