Ismael Sheikh (70) og kona Rahima Khatun (55) frå Kathuly i Bangla Desh vart døypte
9. november. Dei er dei første kristne i denne landsbyen. No har dei muslimske naboane krevd av sønene deira at dei kastar foreldra ut or heimen, elles vil ikkje barna deira igjen få høve til å gifta seg, melder Compass Direct i dag. "Dei har ikkje rett til å bu Kathuly lenger sidan dei ikkje er muslimar," seier desse naboane. Det eldre ekteparet bur no i eit skur. "Eg har fått frelse i Jesus," seier Sheik. "Hos han finn eg ly og mat. Eg er reide til å møta døden enten det er gjennom sjukdom eller ved åtak frå mine muslimske naboar, men eg går aldri tilbake til islam."
Lat oss be for Ishmael Sheikh og Rahmina Khatun, at Gud held dei oppe og gjev dei eit støttande fellesskap.
Voice of the Martyrs i Canada har i dag følgjande bøneemner:
* Be om at den nye antiomvendingslova på Sri Lanka vert stoppa.
* Be om vern for dei kristne i Karnataka som no vender attende til byane sine etter å ha rømt frå forfylginga i september.
* Be for pastor Kerkar i Kasakhstan som nektar å betala ilagt bot for å ha leida ei gudsteneste utan tillating frå styresmaktene. Be om underhald for han ettersom han er blitt sparka frå jobben sin, og be om at den nye urimelege religionslova i landet ikkje vert vedteken.
* Be om at Gud stoppar den nye religionslova i Kirgisistan som vil forby spreiing av evangeliet og systematisk religiøs opplæring av barn.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India
Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne. Dei snakkar hindi, og er hinduar. Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...

-
Det er VG-direkte som melder om dette i dag. 20 menneske skal vera skadde. Quetta ligg ikkje så landt frå grensa til Aghanistan. Be om a...
-
Kart og kjelde: joshuaproject.net Dewarfolket lever aust i India. Dei tel 1142000 menneske. Språket dei snakkar kallast odia. 99,75% er hind...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar